Portør og lagermedarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4426014796 Presentasjon av stillingen:
Har DU lyst til å bli ein del av teamet vårt?
Seksjon for forsyning og interntransport har ei ledig stilling som tilkallingsvikar ved sjukehuset i Volda.
Stillinga inneber oppgåver som lagerarbeidar, portør og sjåfør.
Vitnemål og attestar/tenestebevis må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
-
Forsyne sjukehuset sine avdelingar med utstyr frå lageret
-
Hente avfall og tøy frå alle avdelingane på sjukehuset
-
Noko køyring må kunne påregnast til helseføretaket sine eksterne avdelingar
Kvalifikasjonar
-
Du har erfaring med å arbeide på lager, gjerne fagbrev innan logistikk
-
Du har gode datakunnskaper, gjerne erfaring og kjennskap til SAP som lagerstyringssystem
-
God fysisk form
-
Du må ha førerkort klasse B, og gjerne truckførerbevis
Personlege eigenskapar
DU har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
DU er profesjonell, grundig og nøyaktig.
Du er god på å handtere endringar og er nytenkande
Du har eit brennande ønske om å yte god service
Personleg eignaheit blir vektlagd ved tilsetting
Det er ønskeleg at den rette kandidaten kan tiltre ganske raskt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, 47176464
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4426014796
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 16.09.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal