Ledige undervisningsstillingar i Bømloskulen frå 01.08.2021
Org. nr: - Stillingsident: 4342347819 Presentasjon av stillingen:
Ledige undervisningsstillingar i Bømloskulen frå 01.08.2021. Faste stillingar og vikariat. Det er ikkje avklart på kva av grunnskulane i Bømlo; seks barneskular, to kombinertskular og ein ungdomsskule, det vil bli ledige stillingar. Søkjar vert likevel oppfordra til å skriva kva skule/skular ein ynskjer seg til.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen. Kontaktlærar/faglærar/spesialpedogog.
Kvalifikasjonar
Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit fag: norsk, matematikk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar
God klasseleiar- og relasjonskompetanse.
Politiattest må framleggas ved tilsetjing.
Vi tilbyr
God kompetanse i Bømloskulen, lærartettleik høgare enn lærarnormskravet, nye/oppgraderte bygg med fine uteområde og tilgjengelege friluftområde, godt IKT utstyr og skular som deltek i ulike lokale og nasjonale satsingar/utviklingsprosjekt samt innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid med ulike hjelpetenester (BTI).
Kontaktinformasjon
Kristine Sætre, 53 42 30 66
Arbeidsstad
5430
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4342347819
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 05.03.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.