Servitør/ bartender med interesse for faget søkes
Me søker 3 servitørar i 20%-50% stilling til nytt og spanande konsept på Leirvik.
Åtgaum er ein bistro og vinbar der gjesten kan nyte ein smaksopplevelse supplert med god vin og sympatisk betjening, i sjarmerende omgivelser. Menyen på Åtgaum består av enkle rettar med god smak som deles ved bordet, slik at gjesten får prøvd fleire ulike rettar og får ein spanande smaksopplevelse.
Den største forskjellen i konseptet Åtgaum, framfor liknande konsept, skal ein kunne finne i servicen og tilgongen til gjestens smaksopplevelse. Det er ein av tingene me legg mest vekt på. Som ansatt på Åtgaum skal me sjølvsagt vera sterke fagleg, men viktigast av alt, skal me ha eit nærvær til gjesten og gi ein opplevelse der dei verkeleg føler seg godt tilpass. Servitørane er nede på jorda, og med ein fleksibel tilgang sørger dei for at gjesten får ein opplevelse etter behov og som overgår deira forventningar.
Me ser etter deg som har ei genuin interesse for faget, er serviceinnstilit og fleksibel. Erfaring vektlegges.
Søker må vera over 18 år.
Kven er du?
· Har eit høgt arbeidstempo og er serviceinnstilt
· Har ei naturleg interesse for å lære
· Er glad, utadvendt, nærværande og smilande i din tilgang til andre mennesker -- rundt gjester og kollegaer
· Ein god lagspelar med eit positivt sinn
· Er både struktureret, stabil og fleksibel i din arbeidsholdning
Me tilbyr:
· Ein dynamisk organisasjon i konstant utvikling
· Unikt samhold blant medarbeidere
· Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling, herunder grundig opplæring og løpende kurs
· God lønn etter kvalifikasjoner, og gode personalefordeler
Viss du trur du vil passa inn i vårt konsept og vårt team, så send oss gjerne ein søknad og cv med det same. Me gler oss til å høyre frå deg!
Om bedriften
Åtgaum er ein bistro og vinbar som åpner på Leirvik. Me er eit team av unge, ambisiøse mennesker, der vår kjærleik for mat og vin har skapt konseptet Åtgaum. Me legg vekt på å fremma det lokala, både kultur, mat og lesk.