Rektor
Stillingsannonsen er inaktiv.Masfjorden kommune Oppvekst
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Stillinga som rektor ved Sandnes skule er ledig frå 1.8.2021
Sandnes skule er ein 1-10 skule med 57 elevar skuleåret 2021/2022. Det er 18 tilsette ved skulen, av dei er 5 fagarbeidarar og assistentar. Administrasjonsresussen på 108 % er delt på rektor og inspektør. Skulen har kontormedarbeidar i 50 % stilling. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Dei tre rektorane i Masfjorden utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil og ha eit tett samarbeid med med styrar i Sandnes barnehage.
Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjøvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Sandnes skule og SFO.
Lokala på Sandnes skule vert på fritida nytta av kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.
Me søkjer etter ein rektor med
- gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjera ein forskjell
- kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking
- evne og vilje til å føra vidare arbeidet for eit godt arbeidsmiljø for elevar og tilsette og utnytta personalet sine sterke sider og ulike kvalitetar.
- evne og vilje til å vera pådrivar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
- brei undervisningspraksis og røynsle frå leiing i skulen
- dei nødvendige formelle kvalifikasjonar
Me tilbyr
- leiarutvikling og nettverk
- erfarne medarbeidarar
- godt samarbeid mellom heim og skule
- eit godt læringsmiljø
- ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
Løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader
Send søknad elektronisk via heimesida til kommunen
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Oppvekstleiar Rita Ludvigsen, Tlf: +47 56166241, Mobil +47 45376315, Epost: rita.ludvigsen@masfjorden.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune Oppvekst
Adresse
Austfjordvegen 2634, 5981 Masfjordnes
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. juni 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2703743dep189543_Masfjorden kommune Oppvekst_stepstone
Stillingsnummer: 2722178d-0917-4038-b6f0-3025b06f6f3b