Sjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4386768907 Presentasjon av stillingen:
Bømlo bu og helsesenter har har 3 avdelingar ved institusjonen på Svortland. Den ledig stillinga er på ein av langtidsavdelingane.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i sjukepleieretta arbeid, som å gi god og individretta omsorg, pleie og behandling. Arbeidet omfattar alt frå aktiv behandling til lindring og palliasjon, samt tilpassa aktivitet til den enkelte.
Kvalifikasjonar
Bachelor i sjukepleie eller annan relevant høgskuleutdanning som vernepleiar. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan det vere aktuelt å tilsetje helsefagarbeidar.
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig, løysingsorientert, engasjert og fleksibel. Gode kommunikasjons og samarbeidsevner. Evne til omstilling. Trivast i arbeidet med eldre menneske.
Vi tilbyr
Varierande arbeidsoppgåver, høg fagleg kompetanse blant kollega.
Årsturnus som inneber arbeid minimum kvar 3.helg.
Løn etter gjeldande tariff
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Kontaktinformasjon
Kristina Tolås, Avdelingssjukepleiar, 53 42 34 12, kristina.tolas@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
5430
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4386768907
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 16.08.2021
Søknadsfrist: 19.05.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.