Stipendiat i norskdidaktikk
Jobbnorge ID: 193607
This is NTNU
På NTNU jobber 7 400 ansatte og 42 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden.
NTNU søker engasjerte medarbeidere.
Du finner mer informasjon om NTNU som arbeidsplass og søknadsprosessen her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cIgKd1SwGLI
Om stillinga
Ved Institutt for lærarutdanning, Fagseksjon for norsk, er det ledig ei midlertidig stilling som stipendiat i norskdidaktikk for ein periode på fire år frå 1.8.2021.
Institutt for lærarutdanning har om lag 400 tilsette og har eit fullverdig lærarutdanningstilbod for grunnskule og vidaregåande opplæring med cirka 4000 studentar. Instituttet har omfattande forskingsaktivitet retta mot skule og utdanning. NTNU og Institutt for lærarutdanning er vertsinstitusjon for Nasjonal forskarskule for lærarutdanning (NAFOL) og har ei eiga fagretning i lærarprofesjons- og skuleforsking under ph.d.-programmet i utdanningsvitskap.
Stillinga som stipendiat i norskdidaktikk er knytt til prosjektet "Litterær kompetanse for berekraft" (LKB) under forskingsgruppa "Barndom i krisetid" (BiK). Hovudmålsetjinga for prosjektet er å utvikle teoretisk og empirisk kunnskap om korleis berekraftig utvikling kan vera del av litteraturundervisninga i norskfaget. Den som blir tilsett, skal utarbeide eit doktorgradsprosjekt knytt til LKB-prosjektet, retta mot barnetrinnet. Prosjektet omfattar økokritisk teoriutvikling, litteraturvitskapleg analyse og studiar av litterære samtaler i skulen. Til stillinga ligg òg pliktarbeid i form av undervisning og rettleiing, tilsvarande 25 %.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til det overordna prosjektet
- Formidle resultat frå prosjektet i form av vitskaplege publikasjonar, konferansedeltaking og populærvitskapleg formidling
- Samarbeide aktivt med prosjektleiar og forskingsgruppa BiK
- Gjennomføre pliktarbeid knytt til undervisning og rettleiing
- Gjennomføre opplæring i tråd med ph.d.-programmet i utdanningsvitskap
Kvalifikasjonskrav
Stillinga som stipendiat har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i forskingsstillingar. Kvalifikasjonskravet er at du har fullført hovudfag/mastergrad (tilsvarande 120 studiepoeng) i norskdidaktikk, litteraturvitskap, eller eit relatert fagområde.
Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn frå det tidlegare studiet ditt, og ha ein gjennomsnittskarakter frå mastergradsstudiet eller tilsvarande utdanning som er lik B eller betre jamført med NTNUs karakterskala. Dersom du ikkje har bokstavkarakterar frå tidlegare studium, skal du ha eit like godt fagleg grunnlag. Dersom du har svakare karakterbakgrunn, vil du kunna bli vurdert dersom du kan dokumentere at du er særskilt eigna til ei ph.d.-utdanning.
Vi viser til Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat for generelle kriterium for stillinga.
Ønskte kvalifikasjonar :
- Kompetanse innan økokritikk, barne- og ungdomslitteratur og/eller klasseromsforsking
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i eit skandinavisk språk og engelsk
- Erfaring frå læraryrket vil telja positivt
Ved vurdering av den best kvalifiserte legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg dugleik, i tillegg til motivasjonen din for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Lagspelar
- Initiativrik
- Strukturert
- Sjølvstendig
Vi tilbyr
- spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit stort norskdidaktisk fagmiljø
- ope og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- tilsettgode og -fordelar
Løn og vilkår
I stillinga som stipendiat kode 1017 vil du normalt lønast med brutto kr 479 600 pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Tilsetjingsperioden er 4 år (med pliktarbeid).
For tilsetjing i stipendiatstilling er det ein føresetnad at du får opptak til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap, fagretning lærarprofesjon og skuleforsking innan tre månader etter oppstart, og at du deltek i eit organisert doktorgradsstudium innanfor tilsetjingsperioden.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsetjinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Det er ein føresetnad at du kan vera til stades ved og tilgjengeleg for institusjonen på dagleg basis.
Om søknaden:
Publikasjonar og andre vitskaplege arbeid som du ønskjer skal takast omsyn til ved vurdering, må følgje søknaden. Vi gjer merksam på at søknader berre blir vurderte ut frå informasjonen som føreligg når søknadsfristen går ut. Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er skildra over.
Søknaden må innehalde:
- Søknadsbrev
- Prosjektskildring for eit ph.d.-prosjekt knytt til LKB-prosjektet (5-10 sider, eksklusive litteraturliste); ta kontakt med prosjektleiar for ytterlegare informasjon
- CV
- Kopiar av vitnemål og attestar
- Eventuell publikasjonsliste
Generell informasjon
NTNUs personalpolitikk legg vekt på likestilling og mangfald. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. NTNU ønskjer å auke kvinneandelen i vitskaplege stillingar, og har ei rad verkemiddel for å fremja likestilling.
NTNU forpliktar seg til å følgje evalueringskriterium for forskingskvalitet i samsvar med The San Francisco Declaration on Research Assessment - DORA.
Som tilsett ved NTNU må du til kvar tid rette deg etter endringar som utviklinga i faget fører med seg, og dei organisatoriske endringane som blir vedtekne.
I samsvar med offentleglova kan namn, alder, stillingstittel og bustadkommune bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med prosjektleiar førsteamanuensis Per Esben Myren-Svelstad, tlf. 735 50 413, e-post per.svelstad@ntnu.no, eller fagseksjonsleiar Lennart Jølle, lennart.jolle@ntnu.no. Dersom du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kan du ta kontakt med seniorkonsulent HR Brith-Eli Åsland, e-post: brith.e.asland@ntnu.no.
Søknaden og alle vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Dersom du blir invitert til intervju, må du ta med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål. Merk søknaden din med referansenummer: SU-496
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
NTNU - kunnskap for en bedre verden
Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, skapes kunnskap for en bedre verden og løsninger som kan forandre hverdagen.
Institutt for lærerutdanning
Vi har et fullverdig utdanningstilbud for grunnskole og videregående opplæring.
Et faglig sterkt og inkluderende kollegium retter forskning og kunstnerisk virksomhet mot læring, utdanning og skoleutvikling. Institutt for lærerutdanning er ett av instituttene ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap.