Helsesekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4088213285 Presentasjon av stillingen:
Vil DU bli vår nye kollega?
Vi har ledig fast 100 % stilling som helsesekretær fra 1. august 2019. Stillinga er delt mellom poliklinikk for psykisk helse DPS Molde og ambulante tenester psykisk helse Nordmøre og Romsdal. Arbeidsstad vil vere ved poliklinikk for psykisk helse DPS Molde.
Vi søkjer primært ein helsesekretær, men anna relevant erfaring og kompetanse kan òg vurderast.
Geografisk ligg vi midt i smørøyet i Noreg. Molde er rosens og jazzens by og eit eldorado når det gjeld alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennlig med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Byen har masse kulturelle tilbod, m.a. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med mellom anna ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Sjå video om Molde og Romsdalen her.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under avdeling for distriktspsykiatriske senter DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt i fleire ulike team: to almenteam, gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 dagars team (B4DT) og eit merkantilt team. Poliklinikken har òg tilbodet "Arbeidsretta rehabilitering ". Poliklinikken har 40 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Ambulant akutt-team er eit tverrfagleg tenestetilbod med tilbod om akutt psykisk helsehjelp. FACT driv intensiv oppfølging og behandling for personer over 18 år med mistanke om ein alvorlig psykisk lidelse.
Arbeidsoppgåver
- Pasientservice i skranke og sentralbord
- Service og støtte til behandlere i poliklinikken
- Pasientadministrative oppgåver
- Tilrettelegging av møter og aktiviteter i teamet
- Samhandling og gjensidig rettleiing i teamet med kommunale tjenester, fastleger og pårørande
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning og/ eller praksis frå helsesektoren/ psykisk helsearbeid
- Må ha erfaring med pasientadministrative programvare/arbeid og MyW2Pas, EPJ. Det er en fordel med kunnskap om Ephorte og RS
- Det er ønskeleg med brei erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern eller rusfeltet
- Gode norskkunnskapar, god munnleg og skiftleg framstillingsevne og kunne skrive etter diktafon
- Erfaring med relevante arbeidsoppgaver blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Løn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Høve til deltaking i Merkantilt forum ved Klinikk for psykisk helse og rus
- Eit trivelig og utfordrande miljø med engasjerte og erfarne medarbeidarar
- Spennande arbeidsoppgåver
- Arbeid på dagtid
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Alle nytilsette i Helse Møre og Romsdal HF har ei prøvetid på 6 månader.Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Henning Nedberg, Seksjonsleiar, 936 36 396, henning.nedberg@helse-mr.no
Synnøve Toven, Teamkoordinator, Synnove.Sponaas.Stabursvik@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4088213285
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 12.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal