Lege i spesialisering (LIS)
Org. nr: - Stillingsident: 4244142112 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig to vikariat for lege i spesialisering (LIS).
Ortopedisk avdeling ved Ålesund sjukehus er ei full differensiert avdeling med høg fagleg kompetanse innan dei fleste ortopediske felt, vi dekkjer blant anna avansert traumatologi, ryggkirurgi, hand/fot, barneortopedi, protesekirurgi og artroskopisk kirurgi i alle ledd. Vi har dagleg drift på fleire stove på sentraloperasjon og dagkirurgen, både elektive og akuttkirurgiske inngrep. Ålesund sjukehus er også det største traumesjukehuset i Møre og Romsdal, der ortopedisk lege er delaktig i traumeteamet.
- Derfor vel du Ålesund:
- Ålesund er kåra til Noregs finaste by, med dei fleste tilbud like utanfor døra. Kva med å vandre rundt i sentrum, omkransa av Jugendhus og rikeleg kulturliv?
- Kva med å padle kajakk under Brosundet og trange smug midt i byen? Kjøpe ferske reker frå fiskebåten langs kaia i byen?
- Eller kanskje du heller vil vandre på eit nytt fjell kvar dag, anten på ski eller på føtene? Evt ta med kiten eller surfebrettet ut på Vigra eller Alnes? Moglegheitene er mange for alle nivå
- Frå sjukehuset er det umiddelbar nærleik til det meste, fra fjell og fjord til by og kulturliv
- Flyplassen er bynær med mange daglege avgangar til f.eks Oslo og Bergen
- Svært godt sosialt miljø innad på avdelinga og med andre tilsette/avdelingar på sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
Jobben som LIS 3 hos oss inneber vaktarbeid, akutt skadepoliklinikk, elektiv poliklinikk, visitt/sengepost, dagkirurgi, sentraloperasjon med elektive pasientar og akuttkirurgi. For tida går LIS 3-legane i 8-delt turnus, med tilstadesvakt heile døgnet. Vi har bakvakta alltid lett tilgjengeleg og LIS 1 i front. Startar du hos oss vil du få god opplæring, støtte og spanande utfordringar!
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Meistre skandinavisk språk både muntleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Terje Vagstad, Overlege, 47369944, terje.vagstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4244142112
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 24.08.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 12.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal