Brannforebyggar
Er du vår nye brannforebyggar?
Bømlo brann og redning (BBR) i Bømlo kommune søkjer ein brannforebyggar i fast 100% stilling. Me ser etter deg som er engasjert og motivert for å arbeide med branntrygging for innbyggjarane våre.
Verksemda har totalt fem faste stillingar i tillegg til eit deltidsmannskap på kring 40. Stillinga er organisatorisk plassert i førebyggjande avdeling i brannvernet der tre av fem tilsette høyrer innunder. Totalt fire brannstasjonar er tilknytta brann- og redningstenesta på Bømlo: Svortland, Moster, Søre Bømlo og Espevær. Ein ny brannstasjon er under utbygging i sentrum, og som vil vere framtidig arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i hovudsak av oppsøkjande verksemd, inspeksjon av bustader og informasjon til bebuarar og huseigarar. Tilsynet inneber primært inspeksjon av piper og eldstader, men også generelt brannvern i bustader, informasjon og rettleiing om brannfare og rett fyring.Kvalifikasjonar
- Primært søkjer me etter deg som har har fagbrev i feiarfaget, men andre kvalifiserte søkjarar vert og vurdert.
- Du vil inngå i dagberedskapen til BBR og må derfor kunne oppfylle krav til fysisk test i henhold til røykdykkerveiledningen.
- Søkjarar må seia seg villig til å gjennomføre kurs og opplæring for å tileigne seg manglande utdanning og kompetanse.
- Kjennskap til IT er naudsynt.
- Søkjarar må minst ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du jobbar godt sjølvstendig.
- Du har gode kommunikasjonsevner og liker å vere i kontakt med folk.
- Du er tilpasningsdyktig og servicevennlig i di tilnærming.
- Du er tillitsskapande og trivs med å rettleie andre.
- Du har god formidlingsevne.
- Du bidrar positivt til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Stillinga vil medføre opplæring og vidare utvikling i brannvernfaget. For interesserte søkjarar kan det bli høve for deltaking i brannvernet sin beredskap og vaktordning. Søkjarar som oppfyller krav til slik deltaking vil bli føretrukne.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale (Løn for deltaking i brannvernet sin beredskap etter lokal særavtale).
Anna informasjon
Politiattest og godkjent helseattest må fremleggjast før tilsetjing. Me vil også oppmode kvinner om å søkje.
Kontaktinformasjon
Ove Halleraker, Brannsjef, 415 61 144Arbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4609353319
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.