Har du hus- og hjarterom til eit barn/ungdom som treng besøksheim?
Vil du bli besøksheim for barn og unge?
Barnevernet ønsker å kome i kontakt med inkluderande familiar som har tid og rom til å opne heimen sin for barn og ungdom 0-18 år som treng litt ekstra oppfølging.
De må vera pålitelege, tolmodige og strukturerte. Oppfølging og rettleiing vert gitt.
Oppdraga gjeld som oftast ei helg per månad + ei ferieveke per år, men tilpassas individuelt. Godtgjersle etter gjeldande avtale. Du bør kunne binde deg til minimum eit år.
Politiattest vil bli etterspurd.
Ta kontakt med Karen Karlsen Rørheim på telefon 47 45 39 57 / 51 42 99 50 for meir informasjon.
Søknadsskjema finn du på Klepp kommune si heimeside under elektroniske skjema http://www.klepp.kommune.no/skjema/søknad om å bli avlaster
Skjema må skrivast ut og sendast anten i papirform eller som vedlegg på mail til postmottak@klepp.kommune.no.
Stillingsnummer: 20/887
Om bedriften
Besøksheim er ein familie som tar imot barn og ungdom i helger og/eller ferier. Oppdraget kan variere i omfang. Det er ein fordel at dere har erfaring fra arbeid med barn, men det er ingen betingelse.