Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4426659178 Presentasjon av stillingen:
"Valle skule opnar dører til verda og framtida!" og vår verdiar er inkludere, respektere, meistre og kompetanse. Skulen er ein kombinasjonsskule med 1-10 trinn samt SFO og vaksenopplæring.
Alle barn har rett til eit trygt og godt læringsmiljø og få hjelp og støtte til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Skulen er ein viktig sosialiseringsinstans for barn og unge og gjennom sosialisering tileigner barn seg sentrale verdiar, tradisjonar, normer, åtferd og kunnskap.
Det er viktig for Valle skule å sjå barnet i ein heilheit med fagleg, sosial og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk arbeid med enkeltelev/ungdom i skuletida.
- Motivere ungdommen til aktivitet og sosialisering
- Målretta fagleg og sosialt arbeid med ungdom i utvikling
- Oppfølging av skule- heimesamarbeid
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Dokumentasjon og rapportskriving
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning: barnevernspedagog eller vernepleiar
Personlege eigenskapar
- Roleg og trygg
- Tydeleg og varm
- Tåler å stå i utfordrande situasjonar
- Sjølvstendig og strukturert
- Ha god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- Løn ihht regulativ
- Deltaking i Miljøteam- tverr-etatleg team.
- Godt arbeidsmiljø
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Marit Jaabæk Brokke, rektor, 99169862
Arbeidssted
Valle skule
4747 Valle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommune
Referansenr.:4426659178
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 27.09.2021
Sluttdato: 30.06.2022
Søknadsfrist: 23.09.2021
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/