Ferievikar 2021 - Pleiepersonell Stord sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4332746237 Presentasjon av stillingen:
Helse Fonna søkjer dyktige vikarar i ferieperioden veke 25 - 33:
Vi søkjer deg som er:
- Helsefagarbeidar
- Sjukepleiarstudent/vernepleierstudent (på 2. eller 3. året)
- Medisinerstudent utan legelisens
- Logoped
- Ergoterapeut
Skriv i søknaden kva einingar du ønsker å jobbe ved, skriv i prioritert rekkefølgje kor du helst kan tenke deg å vere:
- Akuttmedisinsk avdeling
- Kirurgisk avdeling
- Medisinsk avdeling
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte og gir store faglege utfordringar i eit trygt mijø. Du får nytte dei kunnskapane som ligg i pleiefaga.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar med erfaring frå sjukehus vil bli prioriterte.
- Dersom du har autorisasjon, er det fint om du skriv opp HPR-nummeret ditt i søknaden.
- Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Praktisk
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt.
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Finn Arve Åsbu, Seksjonsleiar, (+47) 52732085
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4332746237
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 31.03.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.