Har du lyst til å bli ein del av hjarta i Suldal kommune
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Konsulent/spesialkonsulent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. november
Me i Organisasjon og innbyggarkontakt leitar etter ein engasjert person som kan ta på seg eit vikariat som konsulent/spesialkonsulent i 100 % stilling. Kanskje er det akkurat deg?
Kvifor skal du søkje?
Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman.
Kva skal du gjere?
Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst, og får varierte oppgåver som gjer dagen både spanande og lærerik. Her er nokre smakebitar:
- Administrativ støtte til einingsleiarar
- HR-arbeid: tilsettingar, løn og personal
- Fakturering og refusjonar
- Systemadministrator i ulike fagsystem
- Og litt av kvart anna som dukkar opp
Kven er du?
Me ser etter ein som:
- Har relevant utdanning eller erfaring (realkompetanse kan vege tungt)
- Er digitalt sterk og lærer nye system raskt
- Kan formulere seg godt, både skriftleg og munnleg
- Er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
Personlege eigenskapar me set pris på:
- Du trivst med ansvar og utfordringar
- Du er ein lagspelar med gode kommunikasjonseigenskapar
- Du er løysingsorientert og har orden i sysakene
Kva får du hos oss?
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø og gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksitid og gode pensjonsordningar
- Ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen – bokstaveleg talt!
Oppstart; snarast
Vikariatet gjeld til utgangen av 2026, med mogleg forlenging.
Vil du vite meir om oss? Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår. Du kan også ringe til Elisabet, som du eventuelt blir vikar for dersom du har spørsmål direkte til henne om arbeidsoppgåver og arbeidsmiljøet; 97 65 11 97. Du kan også lese meir om det å jobba i Suldal kommune her; KRAFTLAGET i Suldal - her får du meir enn ein jobb! - Suldal kommune heimeside
Slik søkjer du:Send søknaden elektronisk via kommunen si nettside. Har du spørsmål? Ring oss på 52 79 22 00.
Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2682c966-47e9-41a4-a784-caef98045b62
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3564555_203629_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Suldal kommune Kommunekassen
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Erfjord skule
Sted
Erfjord
Fastlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal legekontor
Sted
Sand