Fagarbeidar Gjelsvik barnehage
Org.nr.:975297128 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gjelsvik barnehage ligg i Gjelsvik, som er midt i mellom Førde og Askvoll. Barnehagen er i utgangspunktet ein toavdelings barnehage. Vi held til i same bygget som skulen, og har f.t. 20 barn i alderen 1 - 5 år.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.
Barnehagen har frå 19.08.2019 ledig inntil 100% fast stilling som fagarbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli tilsett mellombels for barnehageåret.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- leiken og open og likar faglege utfordringar
- har evna til å brette opp ermane og ta i eit tak når det er hektisk og samstundes roe heilt ned og vere anker for barna i deira aktivitet
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- trivs i lag med små barn
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Gjelsvik barnehage, Hanne Knutsen, Tlf: +47 57730751, Mobil +47 97715708, Epost: hanne.knutsen@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Gjelsvik barnehage ligg i Gjelsvik, som er midt i mellom Førde og Askvoll. Barnehagen er i utgangspunktet ein toavdelings barnehage. Vi held til i same bygget som skulen, og har f.t. 20 barn i alderen 1 - 5 år.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.