Ny utlysing - fast 34,15 % stilling som personleg assistent
Vil du jobbe som assistent i brukar sin heim og avlastingsbustad
Me har ledig 34,15 % fast stilling frå 1.08.20.
Brukar har behov for assistanse til alle gjeremål. Han bur i eige husvære saman med familien sin.
Arbeidet går ut på å assistere brukar i praktiske gjeremål både i og utanfor heimen. Brukar er ivrig til å trene og du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukar sine
pårørande.
Du vil få opplæring i bruk av diverse tekniske hjelpemiddel.
Du må ha førarkort for personbil.
Du vil jobbe i turnus med vakter på dagtid og kveldstid måndag til fredag, samt ei helg 4. kvar veke. I periodar kan det bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt. høgtid.
Me vil gjerne ha kontakt med deg
som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som har utfordringar i dagleglivet sitt.
Du må vere:
engasjert
positiv
tolmodig
fleksibel i forhold til arbeidstid
Krav til språkkunnskapar
Søkjarar må kunne dokumentere gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
Opplæring og innføring vert gitt, og me kan veilede undervegs.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing vert det kravd politiattest av nyare dato.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.