Seksjonssjef - Vest politidistrikt - PST - Seksjon for innhenting
I Vest politidistrikt, for tida ved PST, Seksjon for innhenting, er det ledig ei fast stilling som seksjonssjef SKO 1211. PST handterer dei mest alvorlege truslane mot landet sin sikkerhet. Seksjonssjef for innhenting har som ansvar å sikra effektiv ressursutnytting, måloppnåing og leggeje til rette for høg kvalitet i oppgåveløysinga i seksjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket.
Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Søkjarar må tilfredsstille krava til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG. For å bli sikkerheitsklarert, må kandidatane vere villig til å gje personlege opplysningar om seg sjølv og sine næraste. Du blir oppmoda om å utvise diskresjon om at du søkjer stilling i PST. Meir informasjon om dette blir gitt i løpet av søknadsprosessen.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagansvar ved seksjonen
- Budsjett-, resultat- og personalansvar i eigen seksjon og medansvar for driftseininga si felles resultatoppnåing
- Ansvar for den totale informasjonsinnhentinga
- Ansvar for rapportering og operativ støtte til leiar av PST i distriktet
- Ansvar for fagleg og operativ oppfølgjing og rapportering til den sentrale eininga
- Vere pådrivar for å utvikle det etterretningsfaglege fagmiljøet i eininga
- Planleggje, prioritere, koordinere og leie seksjonen i samsvar med tryggingstenesta sine strategiar, rammer og regelverk
- Medansvar for å utarbeide og følgje opp eininga sin verksemdplan
- Ansvar for strategisk kompetanseutvikling på seksjonen
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap og ønska kultur i organisasjonen
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule på minimum bachelornivå
- Relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå politiet eller forsvaret
- Erfaring frå innhenting og analyse av informasjon
- God kjennskap om juridiske moglegheiter, avgrensingar og krav knytta til informasjonsinnhenting
- God IT- og systemkunnskap
- Må kunne klarerast for STRENGT HEMMELIG, jf. Sikkerhetsloven
- Kunnskap om aktuelle lov- og avtaleverk
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring blir vektlagt
- Erfaring og/eller kunnskap om HMS-arbeid blir vektlagt
Utdanningsnivå
- høyskole/universitet
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Gode leiareigenskaper med evne til å inkludere, motivere og utvikle medarbeidarane
- Mål- og resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder
- Kunne vise til gode samarbeidsevner og evne til god kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Setje retning, drive endring, og bidra til god verksemdsutvikling i samhandling med andre
- Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til PST
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som seksjonssjef SKO 1211 frå ltr. 73/kr. 670.000,- til ltr. 80/kr. 802.600,- brutto per år.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Vest politidistrikt er ei IA- verksemd
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Tone Loftesnes Kornli, Fungerande leiar, 55556811
For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Kontakt seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201804992
Fast stilling
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 26.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3846045694&company_id=3586302756&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
"Politiets tryggingsteneste (PST) er den nasjonale tryggings- og etterretningstenesten
og handterer dei mest alvorlege truslane mot landet sin tryggleik. PST er ei fleirfagleg
teneste med stor variasjon i både oppgåver og medarbeidarar og har behov for ansatte
med variert kompetanse. Vi har hovudkontor i Oslo og kontorer i alle politidistrikta i landet."