Miljøterapeut Vik skule/SFO 100 % fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4200694828 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling for miljøterapeut ved Vik skule og SFO frå 01.08.2020. Stillinga er primært knytt til arbeid med elevar med særskilte behov.
Arbeidsstad
Vik skule er ein 7-delt barneskule som ligg 3 km frå Sykkylven sentrum. Skulen har i dag 136 elevar og det er 20 tilsette i personalgruppa. Det er tilsett undervisningsinspektør og skulen har eiga skulefritidsordning.
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med elevar med særskilte behov.
- Stillinga krev eit nært samarbeid med skulen sitt øvrige fagpersonale.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning som t.d. sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar m.v
- Praksis frå liknande arbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein trygg vaksenperson med faglege kvalifikasjonar for arbeid med elevar med særskilte behov.
- Du må ha evne til å oppnå god kontakt og motivere målgruppa.
- Du må vere positiv og entusiastisk, sjølv i vanskelege situasjonar.
- Du må ta initiativ og ha idear til for eksempel praktiske opplegg. Du må her kunne initiere og følgje opp ulike læringsaktivitetar som ikkje naturleg fell innafor vanleg klasseundervisning, til dømes praktisk retta læring.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Knut Orre, Einingsleiar/ rektor, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Vik skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4200694828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.