Schengenkontakt og fag- og opplæringsansvarleg ved avsnitt for grensekontroll
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig ei fast stilling som schengenkontakt og fag- og opplæringsansvarleg ved Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, seksjon for utlendings- og grensekontroll, avsnitt for grensekontroll.
Seksjon for utlendingskontroll og grensekontroll består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestadar i hhv. Ålesund og Kristiansund. Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø og er ute etter ein som kan bidrar til å styrke dette. Oppmøtestad for stillinga er enten i Kristiansund eller i Ålesund og det må påreknast ein del reiseverksemd i heile politidistriktet. Vi ber deg oppgi i søknaden din kva oppmøtestad du ønsker.
Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt.
Vi har tidvis høgt arbeidspress og stort krav til fleksibilitet og sjølvstende, der alle må kunne bekle fleire funksjonar for å vareta felles ansvar. Det er ein framifrå arbeidsplass for den som er lærevillig og har stor arbeidslyst, der arbeidsmiljøet er prega av ønske om gjensidig utvikling og gjere kvarandre gode. Seksjonen ønsker mangfald og ser spesielt positivt på søkarar med bakgrunn/erfaring/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før.
Ved tilsetting vil kandidatane blir vurdert ifht. skikkethet.
Stillinga må søkast på elektronisk. Vitnemål og attestar må leggast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling – tilrettelegging av rutinar, retningslinjer og tiltakskort i samarbeid med avsnittsleiar
- Aktiv deltaking i forum for Schengenkontakter og ha dialog med andre distrikt rundt praktisering av grensekontroll og fysiske kontrollar av fartøy m.m
- Ha dialog og vere kontaktperson opp mot interne og eksterne aktørar på grenserelaterte spørsmål
- Vere oppdaterte på fagfeltet, drive opplæring, rettleiing og utvikling av fag og metode innan grensekontroll, internt og eksternt
- Sørge for implementering av god praksis og følgje opp sentrale krav og føringar
- Sørge for at politidistriktet gir innspel til høyringar på fagfeltet – i samarbeid med seksjonsleiar/avsnittsleiar
- Planlegge og gjennomføre personkontrollar og fartøykontrollar
- Ivareta andrelinje grensekontroll – herunder oppretta og gjennomføre bort/utvisingssaker – i samarbeid med grensekontroll og utlendingskontroll
- Planlegge kurs/opplæring - i samarbeid med seksjonsleiar/avsnittsleiar
- Andre oppgåver kan tilleggast ved behov
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend innan kort tid
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- God IKT-kompetanse og kjennskap til politiet sine IKT-verktøy
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
- Kurs/studiar innanfor Utlendings/Grensekontroll
- Pedagogikk/instruktørutdanning
- Brei erfaring frå politiet
- Erfaring frå arbeid med fag/metodeutvikling
- Erfaring med kurs-/foredragsverksemd
- Erfaring frå Utlendings-/grensekontroll
- Erfaring frå undervising
- Fleirspråkleg
- Beherske datasystema til politiet innanfor grensekontroll
Personlege eigenskapar
- Du er ein lagspelar med høg lærevilje og har evne til å motiverer medarbeidarar og du evner å tilpasse deg andre aktørar og endring i roller og arbeidsoppgåver
- Du bidrar positivt til arbeidsmiljøet gjennom humør, åtferd, engasjement, og bidrar aktivt til å utvikla ønskt kultur gjennom god fagleg leiing og aktivt medarbeidarskap
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Kan vera instruktør og evner å kommunisera godt på norsk og engelsk i formelle kanalar
- Du kan jobba på eiga hand, uoppfordret ta ansvar for eigne og felles oppgåver og skape god samhandling med interne og eksterne aktørar
- Du må vera tilpasningsdyktig i forhold til arbeidsstad og tid, evna å prioritera rett opp mot oppgåvers viktigheit og tidsfristar, har god notoritet og sluttføra det som er påbyrja
- Du må tola tidsknappleik og korta fristar, press frå omgivnader og endringar i prioriteringar. Evna taktskifte og handtera fleire arbeidsoppgåver samtidig
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287 ) i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Løn frå kr. 543 500,- (ltr 60) til kr. 615 800,- (ltr. 67)
- Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Kontaktinformasjon
Kenneth Huse, Seksjonsleiar utlendings- og grensekontroll, 70 11 87 00Frank Knudtzon, Avsnittsleiar grensekontroll, 70 11 87 00
Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.:4543646225
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 28.08.2022
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av 12 politidistrikt i Noreg og vi dekkjer heile Møre og Romsdal fylke.
Vi jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som inneber å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ei styrkje. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg kan vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det sett opp ei offentleg søkjarliste. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Vi oppfordrar alle søkjarar om å registrere utfyllande CV i søknadsportalen og legge ved relevante vitnemål og attestar.