Leiar for FNs framtidslab i Ålesund - U4SSC
Org. nr: - Stillingsident: 4217646788 Presentasjon av stillingen:
Ålesund har høge ambisjonar om å bli ein smart by som utarbeider berekraftige løysingar til det beste for innbyggarane. Ein smart by bruker teknologi til å utvikle tenestene på ein berekraftig og innovativ måte med mennesket i sentrum. FNs berekraftsmål skal ligge i botnen av alt planarbeid, utvikling og innovasjon.
Byregionen Ålesund var den første byregionen i Norge som blei tatt opp i FNs smartbynettverk - U4SSC ip (United for Smart Sustainable Cities implementation programme), eit program som er basert på kjerneverdiane i FNs berekraftsmål. Smarte Ålesund er basert på tverrfagleg samarbeid og skal utviklast i eit samarbeid mellom næringsliv, akademia og andre samfunnsaktørar.
Ålesund har etablert Nord-Europas første smartbylab i samarbeid med FN:
Ålesund framtidslab -- U4SSC ip. Framtidslaben koplar folk, idear og
berekraftsprosjekt frå akademia, offentleg og privat sektor i eit partnarskap.
Per no har Ålesund framtidslab om lag 30 partnarar og fleire interesserte. Målet til Ålesund framtidslab er å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet og
energi, i tillegg til å støtte og få fart på nye prosjekt.
Fokuset i Ålesund framtidslab- U4SSC ip er å:
- Stimulere til- og synleggjere berekraftsprosjekt i regi av partnarane.
- Etablere og faslitere møteplassar mellom partnarar som stimulerer til nye berekraftsprosjekt.
- Utvikle framtidslaben til eit lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt ressurssenter for berekraft
Ålesund har gjennom NTNU og NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) og det marine og maritime miljøet, ein unik tilgang til både teknologisk infrastruktur, forskings- og utviklingsmiljø og kompetansenettverk. FN-nettverket samarbeider også med Offshore Simulator Center(OSC)/AugmentCity ved Campus i Ålesund. Målet er å utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling. I simulatorane kan ein vise store mengder data på ein intuitiv og lett forståeleg måte. Den unike simuleringskompetansen på Sunnmøre er ein av grunnane til at U4SSC ip har vald å legge framtidslaben Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Leie dagleg drift og videre utvikling av Ålesund framtidslab-U4SSC ip.
- Leie teamet ved framtidslaben (koordinator, kommunikasjonsansvarleg, framtidsnavigatør, smartbykoordinator).
- Leie an i arbeidet å sikre god dialog med samarbeidspartar internt og eksternt.
- Bidra til at framtidslaben blir en arena for kommunen sitt heilskaplege innovasjonsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå.
- Kompetanse og erfaring innan strategi og leiing.
- Generelt god IKT-forståing og interesse for framtidsretta teknologiske løysingar.
- Kjennskap og erfaring fra både privat og offentlig sektor vil vere ein fordel.
- Gode evne i skriftlig og munnleg kommunikasjon på både norsk og engelsk.
- Generelt samfunnsengasjement og forståing for dei ulike bærekraftsdimensjonane.
Personlege eigenskapar
- God på strategiske arbeidsprosessar og evne til å gjennomføre tiltak.
- Evne til å motivere og inspirere.
- God på å bygge relasjonar internt og eksternt.
- Pågangsmot og evne til å gå opp nye vegar.
Vi tilbyr
Som vår nye medarbeidar får du spanande og utfordrande arbeidsoppgåver både på strategisk og operativt nivå. Du får ei sentral rolle i å forme ein smart og berekraftig region. Du kjem i tett kontakt med mange ulike fagmiljø innan det offentlege, akademia og privat næringsliv. Stillinga har gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjons- og forsikringsordning.
Arbeidsstad vil vere Ålesund framtidslab U4SSC, Norsk Maritimt kompetansesenter ved Campus i Ålesund. Stillinga vil vere organisatorisk knytt til stabsområde for strategi, samfunns- og næringsutvikling. Rapporterer til stabssjef, Anne Mette Liavaag.
Kontaktinformasjon
Anne Mette Liavaag, Kommunalsjef, 992 32 321
Arbeidsstad
Borgundvegen 340
6008 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4217646788
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.