Radiograf
Org. nr: - Stillingsident: 4268688667 Presentasjon av stillingen:
Radiograf vikar 100% stilling
Radiologisk seksjon ved Førde Sentralsjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Nordfjord- og Lærdal sjukehus. Vi utfører undersøkingar innan CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi ved seksjonen. Seksjonen i Førde har også ei eining i Florø som utfører røntgenundersøkingar. Vi er omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar.
Vi har pga. foreldrepermisjon ledig eit 100% vikariat som radiograf ved Førde Sentralsjukehus. Stillinga er ein del av ei 3-delt turnus ordning med arbeid dag, kveld, natt og kvar 3-4 helg.
Det er muleg at vikariatet blir forlenga til midten av august 2021.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undersøkingar ved CT, konvensjonell røntgen og gjennomlysing/intervensjon.
- Tilrettelegge og assistere for radiolog ved ultralyd (mest på på vakt)
- Samarbeide med andre einingar og profesjonar
- Arbeid i 3-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Radiograf
- Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjons evner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Arbeider godt i team
- Fleksibel
- Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hyggeleg arbeidsmiljø
- Fagleg utfordring og utvikling
- Tilpassa opplæring
- Arbeid i IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, 57839616, reidun.brekke@helse-forde.no
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6807 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4268688667
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2020
Sluttdato: 30.04.2021
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.