Ledig prosjektstilling som samfunnskontakt
60 - 80 % prosjektstilling som samfunnskontakt i perioden 01.11.2021 -- 31.10.2022 - ID 712
Nissedal kommune har fått prosjektmidlar av statsforvaltaren til å opprette ei stilling som samfunnskontakt, samt sette i gang eit tilbod med kafe/møteplass på Nissedal omsorgssenter. Dette er ei satsing i kvalitetsreforma >>Leve heile livet>> for kommunen.
Som samfunnskontakt vil oppgåvene dine vere å mobilisere friviljug innsats i helse- og omsorgstenestene, styrke samarbeidet med skule, barnhage, organisasjonar og lokalsamfunn. Du vert eit bindeledd og koordinator mot nærmiljø, familie og pårørande, friviljuge, næringsliv, organisasjonar og institusjonar i lokalsamfunnet.
Du vil få eit ansvar for å utvikle det nye tilbodet med møteplass/kafedrift på Nissedal omsorgssenter og i tillegg kartlegge, setje i gang nye eller utvikle eksisterande tilbod i samarbeid med dei tilsette i eining for velferd og dei andre samarbeidspartnarane.
Det kan være mogleg å kombinere med andre stillingar for å få ein høgare stillingsprosent i perioden ved rette kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonskrav:
· Du som søkjer må være utåtvend, sjølvstendig og være god til å samarbeide
· Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk
· Du må kunne kalle inn til og leie møter for å utvikle tilbodet
· Personlege eigenskapar
· Førarkort kl. B
Ønskelege kvalifikasjonar:
· Kjenne til Nissedal kommune som kommune og frivillige organisasjonar i kommunen
· Evne til å rettleie og motivere andre
· Gode samarbeidsevner
· Fleksibel
· Løysningsorientert
Vi tilbyr:
· Godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
· Spente og motiverte arbeidskollegaer som ønskjer det beste for eldreomsorga
· Løn etter avtale
AnnaDet vert kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet.
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
**Kontaktperson:**Einingsleiar velferd, Arne Hansen Espebu tlf. 99 26 44 94,
Send søknad på elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist: 25.09.2021
Om bedriften
Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 3 einingar, der eining for Velferd er ein av desse. I eining for velferd ligg helseavdelinga, tenesta for funksjonshemma og omsorgstenesta.