ID 725 Fastlegeheimel med kommuneoverlegefunksjon 2. gongs utlysing
Stillingsannonsen er inaktiv.Fitjar Kommune Legetenesta
Sjøbrekko 1, 5419 Fitjar, Fitjar
Er du vår nye kommuneoverlege og fastlege?
Det er ledig fastlegeheimel i Fitjar kommune frå 1. januar 2022. Heimelen har eit listetak på 900 personar. Du kan velgje mellom fast løn og næringsdrift.
Heimelen er i dag knytt til Fitjar legesenter som er samlokalisert med to andre kommunale legar, der begge er fastløna. Stillinga som kommuneoverlege er på om lag 20 % og gjev fritak om anna tilplikta kommunalt arbeid.
Fitjar kommune har i dag om lag 200 dyktige medarbeidarar som gjer ein god innsats for at innbyggjarane skal he ein meiningsfull og god kvardag. Som lege hjå oss vert du med på å byggje dette laget vidare. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd, og kan tilby varierande og spanande arbeidsoppgåver, dyktige medarbeidarar og moglegheit for fagleg utvikling. Fitjar kommune er opptatt av høg kvalitet på helsetenestene og at pasientane våre får god service. For å lykkast vidare i dette arbeidet søkjer kommunen deg som deler vår målsetnad og er ein kollega som fremjar fellesskap og samarbeid i fagmiljøet.
Fitjar er ein øykommune med om lag 3100 innbyggjarar, som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger.
Stillingsomtale:
ü Fastlegeoppgåver ved legesenteret.
ü Utføra samfunnsmedisinske oppgåver i samsvar med lovverk, herunder
ü smittevernlova, folkehelselova og helse- og omsorgstenestelova.
ü Ansvarleg smittevernlege.
ü Tilsyns- og samarbeidande oppgåver innan miljøretta helsevern og
folkehelsearbeid.
ü Medlem i kommunen si kriseleiing.
ü Medisinskfagleg rådgjevar for kommuneadministrasjonen vedrørande
helsetenester og førebyggjande arbeid.
ü Medisinskfagleg samhandling med helsemynde, helseføretak,
samarbeidskommunar og andre eksterne samarbeidspartnarar.
ü Andre samfunnsmedisinske oppgåver som vegleiing og undervisning.
ü Bistå med tilrettelegging og vegleiing for LIS1 og LIS3.
Fitjar kommune søkjer deg som:
ü Er offentleg godkjent lege og har norsk autorisasjon, helst med tilleggsutdanning
ü innan samfunnsmedisin og/eller allmennmedisin.
ü Er innstilt på å delta i allmennlege- og kommuneoverlegeoppgåver i kommunen.
ü Ønskjer å bidra til ei god folkehelse i kommunen og har evne til å tenka heilheitleg
ü og førebyggande.
ü Kan norsk eller eit nordisk språk godt både munnleg og skriftleg.
ü Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.
ü Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.
ü Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.
ü Har førarkort for personbil og disponerer eigen bil.
ü Grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy
Relevant erfaring vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar. Det vert lagt vekt på fagleg dugleik, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet. Nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja.
Det kan påleggast andre kommunale oppgåver i inntil 7,5 timar per veke. Oppgåver som tilsynslege ved sjukeheim og helsestasjon blir fordelt mellom legane.
Som fastlege i Fitjar kommune vil du ha plikt til å delta i akuttmedisins beredskap på dagtid kvardagar med intern vaktfordeling, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og den er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus som var nytt i 2017. Du må her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis. Det interkommunale selskapet driv også øyeblikkeleg hjelp døgntilbod i same bygget.
Fitjar kommune tilbyr:
ü Opparbeidd liste
ü Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt
Støttepersonell.
ü Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
ü Moglegheit til å velje næringsdrivande praksis med 8.2 avtale.
ü Godt samarbeid med den kommunale helseadministrasjonen.
ü Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.
ü Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs.
ü Bistand med å finna bustad.
TilsetjingsvilkårTilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande.
Løn etter avtale.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Gode referansar vedrørande fagleg kompetanse og personlege eigenskapar i høve samarbeid blir vektlagd.
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig fastlegeliste med listetak på 900 pasientar.
Vurdering av søknadar og tilsetjing skjer fortløpande.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar for legetenesta, Janett Sofie Svendsen (telefon 906 37 805), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971).
Søknadsfrist: 30.04.22
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fitjar Kommune Legetenesta
Adresse
5419 Fitjar
Hjemmeside
Om stillingen
Stillingstittel
Lege
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. mai 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 255e5e66-0573-47d7-a63d-cf67c5638a00
Stillingsnummer: 255e5e66-0573-47d7-a63d-cf67c5638a00