Sjukepleiar 100 % fast
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4365915951 Presentasjon av stillingen:
Heimetenesta har heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod under sitt ansvarsområde. Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Avdelinga har ein god sjukepleiardekning og me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i avdelinga. Turnusane er todelt dag/kveld og me har årsturnus med oppstart frå 14/12-2020 og laga turnus for 52 veker. Det er nå ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar hos oss med oppstart så snart som mogeleg.
Arbeidsoppgåver
- Aktivt jobbe for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg
- Aktiv bruk av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi som verktøy for at brukarane skal få ei trygg og god teneste
- Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre tenester/einingar i kommunen som tenestekontoret, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheimen
- Bruk av Cosdoc som elektronisk journalsystem og multidosesystem i forhold til medisinering
- Sjukepleiar har ansvar for medisinsk faglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigenskapar
- Sertifikat kl. B
- Må ha godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Tar initiativ
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar
- Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30
Mariann H Aasland, Avdelingsleiar, 53 74 82 51
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4365915951
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.