Lærar Ullavik skule, inntil 420 % vikariat/ mellombelse stillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4198464804 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig inntil 420 % vikariat/ mellombelse stillingar ved Ullavik skule i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021. Det kan bli ledige stillingar utover dette. Utlysinga vert gjort med atterhald om eventuelle interne rokeringar.
Kontaktlærarfunksjon må påreknast, men skulen har også behov for timelærarar.
Menn vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsstad
Ullavik skule er ein 7-delt barneskule. Skulen ligg solrikt til mellom Aursnes ferjeleie og sentrum av Sykkylven. Skulen har i dag omlag 159 elevar og 28 tilsette i personalgruppa. Skulen har eiga skulefritidsordning og der er tilsett undervisningsinspektør.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag.
- Skulen har stort behov for fagkompetanse i spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar utan godkjend utdanning verte vurderte for stillinga.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
- Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- Gode forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Kontaktinformasjon
Kjersti Hovet, Einingsleiar, 70246826, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Ullavik skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4198464804
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.