Ferievikarar Bu, miljø og mestring
Org. nr: - Stillingsident: 4340540304 Presentasjon av stillingen:
Me har ledige vikarstillingar for sommarferien, veke 25 -- 32, 21. juni til 15. august:
- Ferien er inndelt i 2 puljer - 4 fortløpande veker kvar
- Me treng vikarar til medlevarstillingar i 100 %
- Arbeidet er knytta til bufellesskap med 4 leilighetar, og gjeld bistand med daglege aktiviteter og rutinar for bebuarane
Arbeidsoppgåver
- Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring
- God opplæring vil bli gitt
Kvalifikasjonar
- Me ønskjer fortrinnsvis søkjarar med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller relevant vidaregåande fagutdanning
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg er ein fordel
- Gyldig politiattest kreves
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
- Du må like å ta i eit tak
- Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
- Du liker å være aktiv saman med brukar
- Du er presis og pliktoppfyllande
- Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er behov
Vi tilbyr
- Arbeid som er viktig, utfordrande og variert
- Godt fagmiljø
- Triveleg arbeidsplass
- God opplæring
- Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer
Kontaktinformasjon
Laila Johannessen, Avdelingsleiar, 452 92 008
Tore Bøe Olsen, Einingsleiar Helse og Rehab, 974 10 814
Arbeidsstad
Åsvegen 3
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4340540304
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 21.03.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.