Er du vår nye rektor ved Kløvheim skule?
Stillingsannonsen er inaktiv.LINDÅS KOMMUNE
Kløvheim skule
Kort om stillinga
Det er no ledig 100 % stilling som rektor ved Kløvheim skule. Til stillinga ligg det 40% undervisning. Kløvheim skule er ein 3-delt skule, og har 37 elevar i dag. Leiing av skulefritidsordninga er del av rektor sine oppgåver. Skulen sin visjon er TRYGGLEIK + MEISTRING = TRIVSEL
Arbeidsoppgåver
Som rektor (avdelingsleiar) i Lindås kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte til einingsleiar for grunnskule.
Lindås kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrer og lærer." Utvikling av vaksenrolla skal skje i samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon, barnevern og PPT.
Kompetansekrav
- Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innafor oppvekstsektoren
- Relevant erfaring frå grunnskulen/tilsvarande stilling
Ønskt kompetanse
- Master i skuleleiing eller tilsvarande utdanning og/eller erfaring
- Erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
- God digital kompetanse
- Undervisningserfaring
- Personleg eigna for stillinga
Forventningar til at du som rektor:
- Skaper tillit gjennom tydlege roller
- Har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette
- Utøver leiing med utgangspunkt i kommunen sin visjon og verdiar, samt vidareutvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Legg til rette for meistring og motivasjon
- Skaper ein organisasjonskultur med godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit
- Har fokus på elevane si læring og trivsel
- Kan arbeide analytisk og målretta
- Viser gjennomføringskraft for å oppnå gode resultat
Vi tilbyr
- Fagleg dyktige, kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Eit hyggjeleg miljø blant tilsette og elevar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Søknad
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt personalavdelinga. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltredning i stillinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
LINDÅS KOMMUNE
Adresse
Mykingvegen 640, 5913 Eikangervåg
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. For å løyse og utvikle alle oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at jobben dei gjer for kommunen er meiningsfylt og ein viktig del av samfunnsoppdraget.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 20. mars 2019
Hentet fra: Lindås kommune
Referanse: li-ansattportal.sing.no/recruitment/opening?0?288
Stillingsnummer: 24e1d6ba-b29a-4f83-ba0b-e3021527cfa7