Linjelærar Down Under Australia
Vi søkjer etter lærar i 100% stilling til linja Down Under Australia og valfag frå 1. august 2021.
Linja har Australia som hovedtema, og fokuserer i dag på urbefolkningar både i Australia og elles i verda. Elevane skal prøve å forstå korleis aboriginane meinte at verda vart til, korleis dei levde og lever i dag. Tre veker linjetur til Australia, for å lære om mykje av dette i praksis.
Linjelærar har stor påverknad av innhaldet på linja, saman med administrasjonen og elevane.
Valfag ein dag i veka, der vi ønskjer eit kreativt fag som til dømes forming, redesign eller liknande.
Du må ha gode samarbeidsevner, vere strukturert og ha evne til å koordinere ulike aktivitetar. Ein del av jobben går ut på å planleggje prosjekt og ekskursjonar, gjerne i samarbeid med eksterne aktørar. Planlegging og gjennomføring av linjetur er ein del av jobben.
Til stillinga ligg også ansvar for valfag ved skulen, samt sosialpedagogisk arbeid (tilsynsordning).
For meir informasjon viser vi til https://bomlo.fhs.no/linjer/down-under-australia/
Om bedriften
Bømlo Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg på øya Bømlo i Sunnhordland. Skulen har ein kapasitet på rundt 100 elevar og har elevar frå heile landet.