Helsefagarbeidar -Helgestilling/Tilkallingsvikar
Org. nr: - Stillingsident: 4466921112 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig helgestillingar/tilkallingvikar både 3. kvar og 4. kvar helg både i Butenesten i Ørskog, Skodje og Haram. Vi ynskjer søkjarar som kan arbeide turnus med dag og kveldsvakter eller langvakter, samt passiv/aktiv nattevakt. Merk i søknaden hvor du ønsker å jobbe.
Butenesten Nordre gir tilrettelagte tenester for personer med nedsatt funksjonsevne. Ein tilbyr hjelp til å dekke personlege og praktiske behov, det kan være praktisk bistand, opplæring og nødvendig helsehjelp. Tenestene utformast i samarbeid med brukeren. Ein vil legge til rette for mestring og utvikling gjennom aktiv og meiningsfylt tilvære i felleskap med andre.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere kreativ og nytenkande for å imøtekome tenestemottakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av tekniske hjelpemiddel, også velferdsteknologiske hjelpemiddel.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk.
- Fagutvikling.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev Helsefagarbeidar. + Andre med relevant kompetanse og erfaring kan vurderast.
- Erfaring med å jobbe tverrfaglig, og i team.
- Gjerne erfaring med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ, og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet, og er ein utprega omsorgsperson som evner å bygge gode relasjonar med tenestemottakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du evner å skape engasjement, og har gode haldningar.
Vi tilbyr
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God opplæring, og eit godt arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 41625242
Arbeidsstad
Nedreskodjevegen 10
6260 Skodje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4466921112
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Søknadsfrist: 13.02.2022
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.