Helgestilling med stipend for sjukepleiarstudentar
Helgestilling med stipend for sjukepleiarstudentar
Sjukepleiarstudentar til det som truleg er distriktets beste stipendordning. Stillingsstørrelse 13 - 20%. Engasjement ledig frå 16.08.2021 på Ølen omsorgssenter og i heimetenesten for Vindafjord kommune som har base på Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.
Hovudarbeidsoppgåver
- Ivareta det generelle pleie og omsorgsbehovet som tenestemottakarane våre har. I funksjonen inngår å førebygge, behandla og rehabilitera.
- Delta i miljøarbeid, andre aktiviteter og det totale behandlingsopplegget til tenestemottakarane våre.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar student
- Grunnleggande datakunnskap
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Andre opplysningar
Du kan velje kva arbeidstidsordning under som passar deg best. Det blir lagt vekt på at du skal ha stor påverknad på kva helger i året som passar best for deg å jobbe. Enten vel du hovudsakleg å jobbe dag/kveld, eller du kan ynskjer deg stilling på natt.
Arbeidsavtale blir skrive for 1 studieår om gongen.
Du vil og ha muligheit til å kunne jobbe ekstravakter utover din avtalte stillingsprosent.
- Forpliktande arbeidstid: Kvar 3. helg, minumum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå den 1. september til og med 31. august året etter. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
1. års student kr 20 000, 2. års student kr 25 000, 3. års student kr 30 000
- Forpliktande arbeidstid: Kvar 2.helg, minimum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå den 1. september til og med 31. august året etter. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
1. års student kr 25 000, 2. års student kr 30 000, 3. års student kr 35 000
- Forpliktande arbeidstid- Natt: arbeid kvar 4. helg, minimum natt til laurdag og natt til sundag. Avtale inngås frå den 1.september til og med 31. august året etter. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
1. års student kr 20 000, 2. års student kr 25 000, 3. års student kr 30 000
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern og tilrettelagde tenester skal det leggjast fram godkjend politiattetst.
Ved arbeid i barnehage, skule og einingane helse og omsorg, barnevern og tilrettelagde tenester skal det leggjast fram godkjend dokumentasjon på turberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg turberkolose-førekomst i meir enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- Stor interesse for faget og eigen fagleg utvikling
- Blid og serviceinnstillt
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel, lojal og effektiv
- Engasjert og motivert for å lage "gylne augneblikk" og yte gode tenester
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar via annonselenken knappen på denne siden. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 30 institusjonsplasser. Heimetenesta for heile kommunen delt på indre og ytre sone, indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter og ytresone har kontor ved Vindafjordtunet. Kvar avdeling/ sone vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Sonene har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.