Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunsfag.
Om stillinga:
Stillingane er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet i Sogndal, Bergen og på Stord har brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltek også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod.
Den som vert tilsett, kan velja kva for campus ein skal vere knytt til, men må rekna med undervisingsoppgåver for studentar på fleire av våre 3 campus.
Stillingane er ledig for perioden ca 01.03.2022 - 31.12.2022.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil først og fremst vere knytt til 5-årig masterutdanning for grunnskulelærarar og etter- og vidareutdanning. Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
- Bidra i satsingane Desentralisert kompetanseutvikling og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Søkjarane må primært ha doktorgrad/førstelektorkompetanse i pedagogikk eller spesialpedagogikk. Sekundært kan det bli vurdert å tilsetje søkjarar med annan førstekompetanse dersom den er klart relevant for eit eller fleire av følgjande område:
- Allmennpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke
- Skulen som organisasjon og utviklingsarbeid i skulen
- Psykososialt læringsmiljø i skulen
- Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv
- Demokrati og medborgarskap i skulen
- Rettleiing og vurdering
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette høgskulelektor. Kompetansekravet vil då vera mastergrad i pedagogikk eller spesialpedagogikk med godt resultat (normalt A eller B).
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Kompetanse innan leiing av utviklingsprosjekt i skulen
- Kompetanse innan rettleiingspedagogikk
- Erfaring med digitale og interaktive undervisningsformer
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillingane er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Instituttleiar, Jan Helge Kallestad, 55 58 59 43 jan.helge.kallestad@hvl.no
2) Fagkoordinator pedagogikk GLU:
Sogndal: Nina Ludvigsen, tlf 57 67 61 11, Nina.Ludvigsen@hvl.no
Stord: Annette Haugsgjerd, tlf 53 49 15 03, Annette.Haugsgjerd@hvl.no
Bergen: Kristin Knudsen, tlf 55 58 59 19, Kristin.Knudsen@hvl.no
Samspel, berekraft og nyskaping
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Om bedriften
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.