Sesongarbeid, bærplukking
Vi søkjer etter bærplukkerar for sesongen 2021 på Hestenesøyra i Gloppen kommune. Då det kan vise seg å verte vanskeleg å få inn vår faste gjeng, søkjer vi i år lokalt. Vi reknar med å begynde sesongen +/- 20.Juli og halde på fram i mot ca 15.September. Vi vil vite dette meir eksakt rundt midten av Juni. Vi er avhengige av at dei ansette blir hjå oss heile sesongen, ikkje berre mindre periodar.
Du må være villig til å stå på i ein krevjande sesong, uavhengig av veir og vind. Arbeidstida er svært varierande. Kortare dagar i byrjinga og avslutninga på sesongen, og lengre dagar i høgsesong. Vi arbeider alle dagar inkl laurdag og søndag, men det vert lagt opp til at alle ansatte får fri ein dag i veka. Arbeidstid vert gjennomsnittsberekna for heile perioden.
Arbeidstida varierar innanfor tidsrommet 06-21, gjerne fleire lenger pausar i løpet av dagen.
Det er ynskjeleg at dei ansette bur på garden. Både pga oppdelte dagar, start og stopp i arbeidet på kort varsel, men og pga smittesituasjonen.
Du må helst være over 18 år, minimum 16.
Avlønning etter tariff.
Om du trur dette er jobben for deg, send ei henvending til olasteinar@gmail.com
Om bedriften
Gardsbruk på Hestenesøyra i gloppen kommune, som driv produksjon av bringebær