Barnehagelærar
Me søkjer:
Barnehagelærarar til Skjold barnehage.
Det er to ledige stillingar som barnehagelærar i Skjold barnehage frå 03.01.22.
Begge stillingane er 100%. Den eine er fast og den andre er eit vikariat til 31.12.22, med høve til forlenging.
Hovudarbeidsoppgåver
- Viktig delansvar saman med ped.leiar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
- Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
- Likar å vere ute og vere ein god rollemodell.
- Obsevasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
- Halde deg fagleg oppdatert.
- Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.
- Stedfortreder på avdelinga når ped.leiar ikkje er til stades.
- Samarbeid med eksterne samarbeidspartar.
- Bidra og vera pådrivar i utviklingsarbeid saman med ped.leiar.
Kvalifikasjonar
- Utdanna barnehagelærar.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
Andre opplysningar
- Skjold barnehage er ein 7- avdelings barnehage, derav 4 småbarn og 3 storbarnsavdelinger.
- Den ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
- Me har eit aktivt og engasjert personale.
- Me jobbar etter programmet "Være saman " med vekt på å hjelpe barna særleg i deira sosiale utvikling.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel, strukturert og initiativrik person som er villeg og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Me kan tilby
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Skjold barnehage er ein 7-avdelings barnehage som ligg på Vikaneset. Barnehagen har eit fantastisk flott uteområde, samt flott nærområde. Visjonen vår er "Være saman og bli sett".