Er du vår nye IPS-jobbspesialist?
Blir du motivert av å jobbe med menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde? Da er dette ein jobb for deg. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for denne stillinga.
Individuell jobbstøtte/Individual placement and support (IPS) er ein metode for oppfølging av personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ynskjer utdanning og/eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med bistand frå ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og også behalde og stå i ordinær utdanning og/eller løna arbeid.
Som jobbspesialist hjå oss, skal du jobbe etter IPS-metodikk i eit team med andre jobbspesialistar ved NAV Sunnhordland og Folgefonn DPS. Du vil vere formelt tilsett ved NAV Kvinnherad, men du vil ha eit tett samarbeid med Folgefonn DPS og vil ha kontortid der, og du er også mykje ute i lokalmiljøet.
Arbeidsoppgaver
Identifisere jobbsøkarane sine interesser, kompetanse, sterke sider og evner samt matche med rett jobb/arbeidsgivarar
Booke møter med potensielle arbeidsgivarar og oppsøke verksemda – være mykje på farten
Jobbe tett med arbeidsgivarar og deltakarar
Skape gode relasjonar med samarbeidspartnarar
Dokumentere skriftlig i NAV sine sakshandsamingssystem
Delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med behandlarar
Samarbeide med eksterne tenesteytarar dersom deltakar har utfordringar med bustad, sosiale forhald, økonomi, etc.
Ha jamlege møter med NAV-rettleiarar
Engasjere og motivere både jobbsøkarar, arbeidsgivarar og kollegaer
Jobbe med deltakerportefølje bestående av 20 aktive saker, med krav om 45 % overgang til arbeid eller utdanning
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, pedagogikk og/ eller sal- og marknadsføring. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- førarkort kl. B
Det er ynskjeleg at du har:
- relevant røynsle innan fagfeltet
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter og lokal arbeidsmarknad
- gode digitale ferdighetar
- gode samarbeidsevner, servicehaldningar og rettleiingskompetanse
- erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
- erfaring oppsøkjande kundekontakt og nettverksbygging
Personlige egenskaper
Me ser etter deg som:
- har evne til å motivere og engasjere
- er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne.
- er resultatorientert
- har gode sosiale ferdigheita og evne til å bygge relasjonar
Vi tilbyr
- Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Spannande og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
- Gode høve til personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Trening i arbeidstida
- Statleg tilsetting i stillingskode rådgjevar 1434 med lønnstrinn 57-61 ei årsløn på kr 526 000 til kr. 562 500 per år.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
- Høgare løn kan vurderast ved spesielt kvalifiserte søkjare.
Kontaktinformasjon
Oddny Susanne Vågen, NAV Leiar , 95768966Agnes Reksc, Metoderettleiar IPS, 90143818, agnes.reksc@nav.no
Erlend Hellingsrud, Leiar Fact-team Folgefonna DPS, 95256269
Arbeidsstad
Sentrumsvegen 155460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAVReferansenr.:4524383739
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2022
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling