Sjukepleiar/ vernepleiar 150 % engasjement
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4299658160 Presentasjon av stillingen:
Sykkylven kommune har ledig 150 % engasjement for eitt år som sjukepleiar/ vernepleiar, for tida i omsorgsbustad, avd. Klokkerhaugen, ved Bu- og rehabiliteringstenestene. For stillingane må ein pårekne turnusarbeid med arbeid kvar 4. helg. Begge stillingane er ledige for snarleg tiltreding. Vi oppmodar menn til å søkje.
Arbeidsstad
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven er ei eining som gir tenester til
personar med samansette behov. Eininga består av eit dagsenter, 4 bufellesskap,
avlastningsbustad, avlastningstiltak, støttekontakter og rus-/
psykiatritenesta. Eininga har 56 årsverk.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du
nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så
ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Vitnemål og attestar må leggast fram ved evt. intervju.
Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato jf. helse- og omsorgstenestelova.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for brukarane
- Sikre kvaliteten i den direkte tenesteytinga
- Tverrfagleg og tverretatlig samarbeid
- Miljøarbeid
- Sakshandsaming
- Primærkontaktarbeid
- Ansvar for legemiddelhandtering og dokumentasjonsansvar i samsvar med gjeldande lovverk og rutinar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, eventuelt annan 3 årig helse-/ sosialfagleg utdanning
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med personar som har utfordrande adferd
- Kjennskap til kap 9 i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Veiledbar og opptatt av fagleg utvikling
- Gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig
- Tolmodig og empatisk, og har stor respekt for brukarane sin situasjon
- Løysingsorientert og kan tenke kreativt
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no
Volker Rust, fagleiar Klokkerhaugen, 46865387, volker.wilhelm.rust@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Klokkerhaugen
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4299658160
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.