Pedagogisk leiar 100 % fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Vik barnehage, Sykkylven kommune
Vik barnehage, 6230 Sykkylven
Org. nr: - Stillingsident: 4198364748 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar ved Vik barnehage frå 01.08.2020.
Arbeidsstad
Vik barnehage er ein 2 avdelings barnehage som ligg solrikt til på Vik, med kort avstand til fjøre, elv, skog og sentrum. Våre haldningar er tufta på barnehagens ABC (anerkjenne, bekrefte og sjå) i høve til både barn, foreldre og tilsette. Innunder dette høyrer òg kommunikasjon med som ein viktig faktor for eit godt arbeidsmiljø.
Barnehagen har språk, tekst og kommunikasjon som satsningsområde da vi er ein barnehage med mange tospråklege barn. Andre sentrale fokusområde er at dei vaksne skal vere deltakande og nærverande vaksne i leiken inne og ute, med blikk for krenkelsar og utestenging. Vår faglege tyngde er forankra i Solid Start Sykkylven og Nyborg modellen.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. barnehagelova § 19.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har eit heilskapleg ansvar for planlegging og vurdering, dagleg omsorg for det enkelte barn, for utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet i barnegruppa og for samarbeidet med barna sine foreldre.
Pedagogisk leiar har også rettleiingsansvar for resten av personalet samt medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre teneste.
Kvalifikasjonar
- Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til mellombels stilling.
Personlege eigenskapar
- Du er undrande og utforskande i samspel med barna.
- Du er deltakande og nærverande i leiken til barna både inne og ute.
- Du likar å ha kontakt med personar frå andre kulturar.
- Du har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon.
- Du kan jobbe sjølvstending, men også samarbeide med andre.
Vi tilbyr
- Moglegheit til kurs og eigenutvikling
- Stengd barnehage i jul og påske
- Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- Gode forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Tilsettinga er elles på offentlege vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
Kontaktinformasjon
Mette Catrin H Brenne, Einingsleiar, 91 89 87 56, mette.brenne@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Vik barnehage
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4198364748
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vik barnehage, Sykkylven kommune
Adresse
Helledalen 2, 6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 12. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4198364748_Vik barnehage, Sykkylven kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 22b19414-f6be-4a6b-8cc4-4d26b0cc401b