Distriktsmusikarar
Om Førde kulturskule
Førde kulturskule er ein veldriven kulturskule med ansvar for kulturskule i Førde, Naustdal og Gaular. I 2020 er vi saman med Jølster samanslått til Sunnfjord kommune med ca. 23000 innbyggarar. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstadar. Vi har over 400 elevar i musikk og visuelle kunstfag. Distriktsmusikargruppa består av 6 musikarar per i dag og har hovudbase i Førde.
Vi søker etter to distriktsmusikarar
Vi har ledig 2 x 100 % fast stilling (50 % utøving og 50 % undervisning) innan hardingfele og trekkspel. Eventuelt folkesong og dans.
Om stillinga
Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen i tillegg til seminarverksemd og instruksjon innan frivillig musikkliv. Utøvardelen består av konsertverksemd i samarbeid med det frivillige musikklivet, med andre distriktsmusikarar og andre musikarar lokalt og elles i fylket. Skule- og barnehagekonsertar er i samarbeid med fylkeskommunen.
Krav til søkar:
- minimum 4 år høgskuleutdanning på hovudinstrumentet, med pedagogikk.
Søkarar utan høgskuleutdanning men med mykje realkompetanse kan bli vurdert.
Du må vere:
- engasjert og initiativrik
- god til å kommunisere med både born og vaksne
- disponere bil (desentralisert undervisning og konsertverksemd i heile fylket)
Biinstrument som folkesong, folkedans og hardingfele på bra nivå, vil og verte vektlagt.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.
Tilsetting er med atterhald om at det vert inngått avtale om felles finansiering mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kulturskule.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Trude Skarvatun, Tlf: +47 5761 2810, Mobil +47 415 05 970, Epost: ts@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.