Ja til ein jobb der ingen dagar er heilt like? Montér Førde søkjer ny seljar
Optimera AS
Sanderplassen 7, 6813 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Seljar innebutikk – Montér Førde
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Vil du jobbe i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kundekontakt og struktur er like viktig som tempo og sal? Hos
Montér Førde får du god opplæring, trygge rammer og kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen. No søkjer vi ein ny seljar til innebutikken.
Montér Førde er ein del av Optimera AS -- Noregs leiande byggevarekjede. Vi leverer fagkunnskap, gode løysingar og personleg service til både proffkundar og privatkundar. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team med høg trivsel og stoltheit for faget.
Vi ser etter deg somDu har auge for orden og detaljar, og likar å skape ein ryddig og innbydande butikk.
Erfaring frå sal eller butikk er ein fordel, men ikkje eit krav -- vi sørgjer for grundig opplæring slik at du blir trygg i rolla.
Dine hovudoppgåverSal og kunderettleiing i innebutikk
-
Ansvar for vareområde som maling, verktøy, festemiddel og arbeidsklede
-
Vareplassering, varepåfylling og sortimentsvedlikehald
-
Kassearbeid og ordrehandtering
-
Planlegging og gjennomføring av kampanjar
-
Bidra til eit trygt, ryddig og effektivt arbeidsmiljø
Ei variert rolle i eit solid og framtidsretta konsern
-
Grundig opplæring gjennom Optimera Akademiet
-
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
-
Forutsigbar turnus og trygge rammer
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Personalkjøpsordningar og aksjeprogram
-
Moglegheit for vidare utvikling i konsernet
Les meir om satsinga vår i Førde og møt medarbeidarane våre:
https://www.nettavisen.no/vis/annonse/monter/forde-nyopning/1413822
https://www.nettavisen.no/vis/annonse/monter/forde-medarbeidarane/1413822
OPP -- våre kjerneverdiar:Vi er Offensive -- vi ser framover og finn løysingar.
Vi er Profesjonelle -- vi held det vi lovar.
Vi er Personlege -- vi forstår menneska og byggjer relasjonar.
Høyrest dette ut som noko for deg?Då håpar vi å høyre frå deg.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk via Semac som ein del av vår rekrutteringsprosess for å sikre ei trygg og profesjonell tilsetjing.Om bedriften
Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain. Les mer på www.optimera.no.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
22073965-7e12-4dcf-8486-d3196831bda7
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
463334414