Tannpleiar
Org. nr: 974556804 Stillingsident: 4352902193 Presentasjon av stillingen:
Vestland tannhelseteneste - område Søraust har ledig 60% stilling som tannpleiar frå 01.07.2021. Tenestestad for tida er Stord tannklinikk.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar og må beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi tilbyr
Løn i samsvar med tariffavtale. Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Borggata 5
5417 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4352902193
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.07.2021
Søknadsfrist: 23.03.2021
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).