Operativ strateg med kommersiell teft
Vi er på jakt etter deg med kunnskap og erfaring, som vil vere med på å løyse krevjande utfordringar. Er du opptatt av å gjennomføre, kan du vere med på å gjere visjonar verkelege saman med Ulstein.
Vi søkjer ein forretningsorientert HR-direktør som gjennom strategisk og operativt arbeid får ei nøkkelrolle i å realisere våre ambisjonar om vekst og utvikling. Stillinga vil ha overordna ansvar for å vidareutvikle og implementere gruppa sine HR-prosessar og personalpolitikk i tråd med vår visjon, verdiar og strategiar.
Sentrale oppgåver vil vere å sikre gode HR-system og rutinar knytt til leiar- og kompetanseutvikling, medarbeidarengasjement, rekruttering og Merkevarebygging.
HR-direktøren rapporterer til CEO og inngår i konsernet si leiargruppe.
Vi ser etter deg som har høgare utdanning kombinert med solid HR-erfaring frå kommersiell verksemd, og med ei brei fagleg verktøykasse.
Dokumenterte resultat frå utvikling og implementering av effektive HR-prosessar vil bli vektlagt, og bakgrunn frå ein internasjonal organisasjon vil vere positivt. Vidare vil omstillingserfaring, gjerne innan industri og produksjon vere ein fordel.
Vi ønskjer oss ein person som trivst med ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag, er positiv og engasjert, og som er god til å prioritere og få ting gjort. Du har gode samarbeidseigenskapar og kommuniserer godt. Gode kandidatar involverer, motiverer og utfordrar, og vert motivert av å sjå resultat og at andre lykkast. Vår HR-direktør skal framstå truverdig i alle samanhengar, og er trygg og tydeleg i møte med andre.
Vi tilbyr ei spennande og strategisk rolle i eit konsern med brei selskapsportefølje. Rolla vil ha stor påverknad i vidare utvikling av konsernet.
Meir informasjon om Ulstein Group og stillinga får du av vår rådgjevar i MU, Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036.
Meld interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev snarast, og seinast innan 10.10.22. Alle førespurnader vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase.
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.