Helse- og omsorgssjef
Stillingsannonsen er inaktiv.Fedje kommune
Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Er du ein strategisk og samlande leiar som både kan vera med og leia arbeidet med dei store reformane, og ha eit auge for detaljane i helse- og sosialfeltet i Fedje kommune? Som tek sin naturlege plass i det interkommunale utviklingsarbeidet, og samstundes kan motivera og leia samarbeidet mellom einingane her i kommunen?
Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande leiar som skal leia helse- og omsorgssektoren. Helse- og omsorgssjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Helse- og omsorgssjefen er med i rådmannen si leiargruppe.
Me ønskjer deg som har
-
høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning
-
leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring
-
jobbar strukturert og målretta
-
er god på relasjonsbygging, og evner å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad
-
gode samarbeidsevner
-
er løysingsorientert og trivst med å skape gode resultat gjennom fokus på handling
Me ser gjerne at du
-
har erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt
-
har kjennskap til kommunal verksemd, gjerne frå ein liten kommune
-
har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
-
er fagleg oppdatert på reformane innan helse og omsorg
Me byr på
-
Ei interessant leiarstilling med både store og små oppgåver i eit tett og lite miljø
-
Nærleik til innbyggjarar, oppgåver og resultat
-
Engasjerte medarbeidarar som brenn for innbyggjarane sitt beste
-
Å vera ein del av landsbyen i havet med storhavet og naturen tett på, gode naboar og eit aktivt kultur- og friluftsliv
-
Hjelp til å skaffa bustad, gratis barnehageplass i ein aktiv barnehage, og eit godt oppvekstmiljø.
-
Lønn etter avtale
Søknadsfrist 03.12.21
For meir informasjon: Rådmann Gjermund Hagesæter -- tlf 56165106/ 934 20 679
Send søknad med minst 2 referansar.
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gjermund Hagesæter, Tlf: +47 56165100, Mobil +47 93420679, Epost: gjermund.hageseter@fedje.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fedje kommune
Adresse
Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
Fedje -- Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. januar 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2603913dep189707_Fedje kommune_stepstone
Stillingsnummer: 21b5b269-ce29-41ae-b1d5-a9967ba9e431