Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4271549109 Presentasjon av stillingen:
Klinikk Volda sjukehus - Medisinsk avdeling - Medisinsk sengepost
Volda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med høgskulen.
Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre
og i Nordfjord og såleis har vi ein bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 65
000 innbyggjarar. Det er gode kommunikasjonar som t.d. Ørsta/Volda Lufthamn med
fleire daglege flysamband til Bergen og Oslo.Sjukehuset ligg også sentralt til
i høve til Hjørundfjorden og dei ville, vakre Sunnmørsalpane.
Området vårt er
godt eigna til fjord- og fisketurar og fjellturar gjennom heile året. Til dømes
byr dei majestetiske Sunnmørsalpane på alt frå enkle ruter og oppmerkte stigar
i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar, og ikkje minst fantastisk
toppturar på ski. På Søre Sunnmøre er det også eit særs blomstrande kulturliv.
Medisinsk sengepost har 27 senger og det vert gitt behandling og pleie innan fagområda Hjerte - Slag/Geriatri - Endokrinologi - Mage/Tarm - Infeksjonar - Lunge - Hematologi - Palliasjon.
Vi har ledig 2 x 75 % fast stilling for sjukepleiar med oppstart frå snarast.
Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Ved intern omrokkering kan
andre stillingsbrøkar/vikariat bli ledige.
Vi søkjer etter sjukepleiarar med stor interesse og iver for våre spennande fagfelt som er i stadig utvikling.Du vil oppleve variert arbeid med til tider høgt arbeidstempo.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus er ynskjeleg
- Kjennskap til avdelinga eller fagområda er ein fordel
- God kunnskap i norsk for skriftleg og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Like varierte utfordringar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Gode samarbeidseigenskapar
Vi tilbyr
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Faglege utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Therese Heggedal Moltudal, Seksjonsleiar, 47829022, Therese.Heggedal.Moltudal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvn 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4271549109
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal