Dagleg leiar Bømlo kulturhus - 100 % stilling – Vikariat
Bømlo kulturhus har ledig vikariat for dagleg leiar frå 1.desember 2022 og ut 2023.
Dagleg leiar har det overordna ansvaret for dagleg drift av kulturhuset, samt økonomi, budsjett og personalansvar. Til stillinga ligg også programansvar for scene og kino og ansvar for utviklinga av kulturhuset.
Dagleg leiar er direkte underlagt styret for kulturhuset.
Søknadsfrist: 10. Oktober 2022.
For meir informasjon om stillinga og Bømlo kulturhus sjå www.bømlokulturhus.no.
Ytterlegare opplysningar om vikariatet kan ein få ved å ta kontakt med dagleg leiar for Bømlo kulturhus, Hanne Jacobsen, tlf. [958 00 26](tel:958 00 26)1, hanne@bomlokulturhus.no
Andre spørsmål om stillinga rettast til styreleiar Øyvind U. Halleraker, tlf. [909 85 245](tel:909 85 245).
Skriftleg søknad sendast til Bømlo Kulturhus ved styreleiar oyvindhalleraker@bomlokulturhus.no
Om bedriften
Bømlo kulturhus er eit kommunalt føretak (KF). Kulturhuset er turnestoppestad for nasjonale artistarog er fast spelestad for Riksteatret og Teater Vestland. Her finn ein også Bømlo bibliotek, Bømlo kulturskule og kulturhuskafeen Gaffel & Vaffel som er leigetakarar. Bømlo kulturhus skal vera ein relevant kulturarena for lokalbefolkninga , samarbeidspartar for det frivillige kulturlivet og skulane i Bømlo.
Bømlo kulturhus har for tida 10 tilsette fordelt på 4,6 årsverk.