Avtaleforvaltar
Org. nr: - Stillingsident: 4242348429 Presentasjon av stillingen:
Medisinsk-teknisk avdeling leverer tenester innan medisinsk teknologi og informatikk til heile Helse Bergen. Avdelinga har 75 personar tilsett. Vi forvaltar ein utstyrspark på om lag 40 000 einingar, verd over 2 milliardar kroner. Vi ivaretar utstyret gjennom heile prosessen frå anskaffing til avhending, og våre tilsette held ved lag ein høg kompetanse gjennom generell og utstyrsspesifikk opplæring. Vi deltar i ulike aktivitetar innan forsking, utvikling og innovasjon. Avdelinga har også ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar, og logistikken rundt dette. Medisinsk-teknisk avdeling er ein del av Drift/teknisk divisjon.
Dato for tiltreding er etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Moderne medisinsk utstyr er i rask utvikling. Det blir stadig meir avansert, og er integrert mot ulike IKT-system. Vi er avhengige av å samarbeide bra med leverandørane for å sikre stabil og sikker drift. Forvalting av serviceavtalar er difor ein del av kjerneverksemda vår. Avtalane blir oppdaterte årleg, og krev aktiv forvalting så lenge utstyret er operativt. Vi har ansvar for å bestille utstyr og følgje opp leveransar i innkjøpsprosjekt. Vi har behov for ein person som kan gjere desse oppgåvene:
- Bestilling av utstyr og tenester
- Følgje opp leverandørar og samarbeidspartnarar
- Heilskapleg ansvar for avdelinga si kontraktsportefølje
- Bistå i offentlege anskaffingar i samarbeid med Sykehusinnkjøp
- Delta i utarbeiding og forvalting av både innkjøpskontraktar og servicekontraktar
- Vidareutvikle innkjøpsmalar
- Etablere og vedlikehalde dokumentasjon og rutinar
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan fagområde og studieretningar som juss, økonomi, administrasjon, forvalting
- Anna utdanning kan vurderast ved særskild relevant erfaring
- Ønskjeleg med erfaring innan eitt eller fleire av felta: innkjøp, offentlege anskaffingar, avtaleforvalting, kontraktar eller tilsvarande
- Ønskjeleg med erfaring frå deltaking og/eller leiing av prosjekt
- Erfaren brukar av MS Office og/eller andre relevante IKT-verktøy / FDV-system
- Erfaring med SAP er en fordel
- Gode kunnskapar i engelsk er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har ei strukturert og systematisk arbeidsform
- Du er tydeleg både munnleg og skriftleg, innbyr til dialog og samarbeider godt med andre faggrupper
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Endringsvillig -- du er fleksibel og evner raskt å ta på deg nye oppgåver
- Heilskapstenkjande -- du evner å sjå avdelinga sitt bidrag til gode tenester ved sjukehuset
- Du treng ikkje vere teknolog, men du må ha interesse for korleis medisinsk teknologi blir brukt i helsevesenet
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling ved eit av Noregs største sjukehus
- Ein allsidig jobb med gode høve til utvikling
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stor grad av påvirking på utforminga av stillinga
- Gode høve til å delta i strukturert opplæringsløp, faglege forum, konferansar og liknande (i år er mykje av dette avlyst på grunn av pandemien)
- Eit godt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag)
- Årlege samlingar for alle i avdelinga, med fokus på arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Kjell Grøndahl, Avdelingsleiar, 55974861, kjell.groendahl@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4242348429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.