Konsulentar/rådgjevarar Microsoft 365 / Azure
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet og har om lag 70 tilsette og er eit av dei største IKT-miljøa på Nordvestlandet. Selskapet er lokalisert i Ørsta og Ålesund. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er Microsoft Gold Partnar.
Om stillinga
Tussa IKT opplever stor etterspurnad etter samhandligstenester basert på Microsoft 365 / Azure – løysinga. Selskapet har god kompetanse innan Microsoft og er Microsoft Gold Partnar der vi tilbyr rådgjeving innan Microsoft 365 sine skyløysingar og samhandlingsløysingar. Vi ønskjer å dekkje bedriftene sine IKT-behov med Microsoft sine skytenester i kombinasjon med det moderne og miljøvennlege datasenteret vårt. Microsoft 365 og Azure er viktige satsingsområder og vi skal no styrke satsinga innan desse områda ved å tilsetje fleire dyktige og motiverte konsulentar og rådgjevarar som kan bidra med både produktleveransar og kundeutvikling innan fagområdet.
Oppmøtestad Ørsta eller Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Kunderådgjeving knytt til Microsoft 365 og Azure-løysingar
- Design, implementering og forvaltning av kundeløysingar basert på Microsoft 365 og Azure
- Vidareutvikle den digitale arbeidsplassen for kundane våre
- Vidareutvikle kundetenestene våre innan Office365 og Azure
- Rådgjeving og prosjektleiing innan fagområda
Kvalifikasjonskrav
- God fagkompetanse og erfaring innan Office365 / Azure -løysingar
- Gode kunderelasjonar og erfaring frå relevante kundeprosjekt
- Relevant IT-utdanning
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi kan tilby
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Fleire opplysningar om stillinga får du på tlf. 70 04 62 00 hos Gruppeleiar Applikasjon Stian Hofseth, Avdelingsleiar Konsulent Øyvind Lislevatn eller Leiar forretningsområde IT Karl Johan Kvernland
Om bedriften
Tussa
Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre.
Over 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.