Billett- og salsansvarleg (engasjement 100%)
Stillingsannonsen er inaktiv.Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5, 6800 Førde
Førdefestivalen søkjer ein utovervend og engasjert person som trivast med tidvis høg aktivitet. Vedkommande bør ha erfaring frå sal/sørvis, ha genuin interesse for god kundebehandling og like å oppnå resultat. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også fungere godt som del av eit lag.
Arbeidsoppgåver:
· ansvar for festivalen sitt billettsystem (TicketCo)
· ansvar for billettkontoret under gjennomføring av festivalen
· opplæring og leiing av dei frivillige på billettkontoret
· aktivt sal mot nye kundar
· kontoradministrasjon og relevant arbeid i festivalverksemda
· noko arbeid på kveldstid/helg må påreknast
Ønska kvalifikasjonar:
· utdanning/erfaring frå sal/sørvis/arrangement
· kjennskap til moderne billettløysingar, som i vårt tilfelle er TicketCo
· god IT- og systemforståing
· god kommunikasjon med menneske på alle nivå
Minst like viktig er det at du:
· er imøtekommande og initiativrik
· er strukturert, sjølvstendig, handlekraftig og har evne til å yte ekstra ved behov
· har interesse for musikk, kultur og arrangement
· brenn for det å skape kvalitetsopplevingar for publikum i alle aldrar
· er sjølvstendig, men elskar å jobbe saman med andre mot eit felles mål
· taklar periodar med høge arbeidstoppar
Vi tilbyr:
· eit kreativt arbeidsmiljø, der vi-kjensla er stor og alle tek eit tak når det trengs.
· arbeidsplass i ein av dei fem beste festivalane i Europa, uansett sjanger.
Billett- og salsansvarleg rapporterer til økonomi- og sponsorsjef.
Søknadsfrist 1. desember 2020
Send søknad på epost til: peridar.almaas@fordefestival.no
For spørsmål, kontakt direktør Per Idar Almås på epost som over, eller på mobil 91 54 56 03.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Adresse
Førdehuset, Angedalsvegen 5, 6800 Førde
Hjemmeside
Facebook
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og er tildelt EFFE AWARD 2019-20, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Festivalen er eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge, og går over 5 dagar i juli kvart år. I tillegg arrangerer festivalen Bornas Verdsdag Førde og fleire konsertar gjennom året på FolkJazzScena. Administrasjonen ligg i Førdehuset, Førde.
Om stillingen
Stillingstittel
Salgsansvarlig
Antall stillinger
1
Oppstart
4. januar 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. desember 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 2146e389-c7f2-4666-866c-30f3b5a766fb
Stillingsnummer: 2146e389-c7f2-4666-866c-30f3b5a766fb