Lærar - Sveio skule
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4440241637 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli vår nye kollega?
Vi har ledig vikariat ut skuleåret 2021/2022 på Sveio skule, u-trinn, med snarleg oppstart.
Sveio skule er ein kombinert barne og ungdomsskule og vi ser nå etter deg som ynskjer å vera med å gjera ein forskjell for barn og unge i Sveio.
Forankra i fagfornyinga har inkluderande skulemiljø og grunnleggjande dugleikar sterk fokus i arbeidet ved skulen. Kommunen har dei siste åra vore med i fleire nasjonale satsingar knytt til satsingsområda.
Informasjon om skulen er å finna på heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med rektor for ytterlegare informasjon om ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Skape inkluderande læringsmiljø
- Implementera fagfornyinga som bidrar til eleven si læring og utvikling
- Utvikla den digitale kompetansen til elevane og arbeidsplassen
- Sikra tidleg innsats for å fanga opp utanforskap og mangel på meistring
Kvalifikasjonar
-
Godkjend lærarutdanning, ref opplæringslov
-
Fordjuping i matematikk og naturfag, andre fag kan og vere aktuelle
-
Gyldig potitiattest må leggast fram
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Du er fagleg engasjert
- Du har evne til sjølvstendig arbeid, samt samarbeid med kollegaer
- Du har god evne til relasjonsbygging og klasseleiing
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Lene Lier, Einingsleiar / Rektor, 95 83 41 27
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4440241637
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.