Utlysing av lærarstillingar for resten av skuleåret 2022/2023
For resten av skuleåret 2022-2023 er ledig lærarstillingar på Åseral barne -og ungdomsskule. F
Prosessen med tilsetjing vert gjort fortløpande.
Åseral barne- og ungdomskule er ei skule på ca.110 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Nytt av året er at skulen har fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med et nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
Arbeidsoppgaver
Undervisning for elevar frå 1. til 10. trinn
Kontaktlæraroppgåver kan påreknast.Planleggje, gjennomføre og følgje opp undervisning i tråd med ny læreplan.
Delta og vere ein aktiv i skulens utviklingsarbeid.
Ta ansvar for og fremje eit godt samarbeid mellom skule og heim
Kvalifikasjoner
Søkjarar må vere formelt kvalifisert for tilsetting og undervising i grunnskulen jmf forskrift til opplæringslova kap.14.
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlige egenskaper
Vi søker medarbeidarar som:Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydlege grenser.
Er fleksible og har endringskompetanse
Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer.Et godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
Rettleiing for nyutdanna
Kontaktinformasjon
Inger Marie Austegard, 41689111, Inger.Marie.Austegard@aseral.kommune.noHelene Håvorstad Ljosland, 97570091, Helene.Havorstad.Ljosland@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Gardsvegen 684540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommuneReferansenr.:4561166159
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Om bedriften
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.