IKT kundemottakar
Org. nr: 987601787 Stillingsident: 4138147908 Presentasjon av stillingen:
IKT-utstyr trenger eit velorganisert hovud med smil frampå til kundemottaket vårt ved Haukeland Universitetssjukehus, i eit ti-månadars vikariat.
Vi har over 24 000 datamaskiner i omløp, og naturleg nok høg sirkulasjon og utskifting på utstyret. I kjellaren på IKT-bygget er det fysiske kontaktpunktet mellom brukarane (helsepersonell i Helse Vest) og oss lysskye teknikarar. Her har vi behov for eit serviceinnstilt menneske, med både kunnskap og interesse for IT som mellom anna kan ta i mot kundar, halde styr på logistikk og lager, rådgje undrande helsepersonell og følgje opp pågåande saker.
Har du erfaring frå butikk og handel med IT-utstyr, kundestøtte, eller verkstadsaktivitet (igjen ¿ innan IT), så har du allereie mykje av det vi treng.
Arbeidsoppgåver
- Kundehandtering i kundemottak
- Registrering og oppfølging av henvendingar
- Mottak og utlevering av IKT-utstyr
- Varemottak ¿ lager-/logistikkarbeid
- Noko utstyrsrådgjeving mot sluttbrukarar (IKT-sluttbrukarutstyr)
- Enkle tekniske oppgåver, som softing av PC¿ar og slikt
Du har
- Interesse for fastvare og utstyr
- Gode forklarings- og formidlingsevner
- Gjerne bakgrunn frå support eller arbeid mot kunde
Du er
- Utadvent og sørvisinnstilt i møtet med stressa helsepersonell
- Punktlig, nøyaktig og pålitelig
- I stand til å ta i eit tak på lageret
Vi tilbyr
- Eit av dei største IT-miljøa i Noreg
- Driftige og løysingsorienterte medarbeidarar
- Gunstig pensjonsordning i KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Jarle Simonsen, Seksjonsleiar, 91 73 66 88
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 77
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4138147908
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 04.11.2019
Sluttdato: 28.08.2020
Søknadsfrist: 16.10.2019
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.