Ferievikarar sommar 2021
Org. nr: - Stillingsident: 4332939140 Presentasjon av stillingen:
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i sjukeheimane, i heimetenestene, dagtilbod og andre av tenestene våre innanfor helse- og omsorg.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!
Arbeidsoppgåver
- Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, i heimetenestene, dagtilbod og andre av tenestene våre innanfor helse- og omsorg.
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske.
Kvalifikasjonar
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Sandøy og Nordøyane omsorgsdistrikt i Ålesund kommune!
Generell informasjon til søkarar på stilling som ferievikarar i våre verksemder
Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
- Søkar må vere fylt 16 år.
- Søkarar må kunne jobbe i perioden vi har behov for vikarar.
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Søknadar registrerast på stillingsmappa (ref.nr) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
- Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
- Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
- Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Personlege eigenskapar
- Å vere personleg eigna blir vektlagt, og engasjement for brukergruppa er eit krav.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, så vel som i team.
- Å vere open, engasjert og lojal verdsettas.
- Du må ha ein løysningsorientert tilnærming til arbeidets utfordringar.
- Godt humør.
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Sandøy og Nordøyane omsorgsdistrikt i Ålesund kommune!
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 -- 34 i 2021. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Røyset, Verksemdsleiar, 922 67 952
Arbeidsstad
Sandøytunet, Austrevegen 15
6487 Harøy
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4332939140
Stillingsprosent: Inntil 100%
Sommarjobb
Startdato: 21.06.2021
Sluttdato: 08.08.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.