Ungdomsprest i Eid, Nordfjord
Presentasjon av stillingen:
Eid kommune, har litt over 6000 innbyggjarar fordelt på tre sokn og er sentralt plassert i Nordfjord prosti lengst nord i Bjørgvin bispedøme. Nordfjordeid er kommunesenter med alle kommunale sentrale funksjonar, vidaregåande skule, folkehøgskule og sjukehus for Nordfjord.
Eid kommune ligg vakkert til på begge sider av Eidsfjorden og Hornindalsvatnet med fine turområde sommar som vinter. Alpinanlegg og fleire lysløyper. Nytt kulturhus (Operahuset Nordfjord) og eit rikt utbygd idretts- og musikkliv/kulturskule. Nordfjordeid er handelssenter i Nordfjord-regionen med eit svært variert butikktilbod. Frå 2019 vert vi også anløpsstad for cruiceskip - og vil sjølvsagt nytte dette til også å vise fram kyrkjene våre.
Frå 01.01.2020 vert Eid kommune og Selje kommune saman til nye Stad kommune. Det same skjer sjølvsagt også for Kyrkja - og vi samarbeider allereide no med Selje om fleire tiltak, særleg retta mot born og unge.
Kyrkjelydane i Eid driv eit variert barne- og ungdomsarbeid. Ungdomspresten har i dag m.a. ansvar for nattkafé på Eid Kyrkjetun med ope hus kvar fredag, kontakt med Eid Vidaregåande Skule, Fjordane Folkehøgskule, Eid Ungdomsskule og for leiar-rekruttering og leiartrening. Ungdomspresten er medlem av ungdomsutvalet som er oppnemnd av sokneråda.
Ein forventar at den som vert tilsett går inn i det arbeidet som er oppbygt, samtidig som ein legg vekt på å ha eit utviklande miljø som legg til rette for evaluering og utvikling av nye og andre tiltak. Eid var mellom dei første som fekk trusopplæringsmidlar, og vi har vedteken og godkjent trusopplæringsplan som vert fortløpande vurdert i samråd med sokneråda. Ungdomspresten vil vere ein del at teamet som har ansvar for trusopplæringa.
Ungdomspresten og soknepresten samarbeidar om konfirmantarbeidet saman med trusopplærar/kyrkjelydspedagog. Det er rundt 80 konfirmantar årleg i kommunen.
Soknepresten er næraste overordna for ungdomspresten og Fellesrådet er arbeidsgjevar.
Det er et krav at ungdomspresten bur i kommunen.
Ungdomspresten har stilling som kyrkjelydsprest (kode 3226) og er lønnsplassert som kapellan (HTA Ka 2016-2018). I særskilte høve kan alternativ lønnsplasering vurderast. Pensjonsinnskot. I tillegg kjem telefongodtgjering og skyssgodtgjersle etter rekning.
Det vert lagt vekt på at søkaren kan arbeide sjølvstendig, har evne til samarbeid og at han kan kommunisere med ungdom. Søkjaren bør kunne bruke begge målføre skriftleg. Søkjarar bør oppgje referansar. Det kan bli aktuelt å bruke intervju før tilsetjing.
Kunne du tenkje deg ei slik stilling??
Aktuelle kandidatar kan om ønskjeleg bli inviterte til Nordfjordeid for nærare samtale og fysisk synfaring av kyrkjer/kontor.
Kontaktinformasjon
Rolf Schanke Eikum, Prost, 97505015
Kristen Atle Hundeide, Kyrkjeverje, 97034535
Arbeidssted
Sjøgata 90
6770 Nordfjordeid
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Eid Kyrkjelege Fellesråd
Referansenr.:4024692701
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.05.2019
Om bedriften
Eid kommune, har litt over 6000 innbyggjarar fordelt på tre sokn og er sentralt plassert i Nordfjord prosti lengst nord i Bjørgvin bispedøme. Nordfjordeid er kommunesenter med alle kommunale sentrale funksjonar, vidaregåande skule, folkehøgskule og sjukehus for Nordfjord.
Du kan lese meir om Kyrkja i Eid her: www.eid.kyrkja.no